Historisk arkiv

Havenergilova – tilrettelegging for havvindmøller

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

- I dag skriv vi historie. Vindkraft til havs kan bli Noregs nye energi- og industrieventyr. Med lovforslaget og strategien legg regjeringa til rette for at vi i framtida kan skape ein ny industri med grøne arbeidsplassar basert på mellom anna vår offshorekompetanse, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Regjeringa legg i dag fram forslag til ny lov om fornybar energi til havs (havenergilova). I proposisjonen blir det òg lagt fram ein nasjonal strategi for havbasert fornybar energi som oppfølging av klimaforliket.

- I dag skriv vi historie. Vindkraft til havs kan bli Noregs nye energi- og industrieventyr. Med lovforslaget og strategien legg regjeringa til rette for at vi i framtida kan skape ein ny industri med grøne arbeidsplassar basert på mellom anna vår offshorekompetanse, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Framlegget til havenergilov gjev offentleg styring og kontroll med disponering av fornybare energiressursar til havs. Det blir i proposisjonen varsla at det no vil bli sett i gong eit arbeid for å identifisere havareal som er egna for framtidig utbygging. I tillegg går proposisjonen gjennom ulike sider knytt til infrastruktur for elektrisk energi til havs.

Forslaget inneber at fornybar energiproduksjon kan etablerast etter at staten har opna bestemte område for søknader om konsesjon. Opning av areal skal baserast på grundige konsekvensutgreiingar for å sikre at alle relevante interesse blir vurdert tidleg.

Proposisjonen har forslag til reglar om skadebot  til fiskarar tilsvarande det regelverket som gjeld for petroleumssektoren. Lovforslaget har òg føresegner om tryggleik og arbeidsmiljø, arealavgift, systemdrift og utførsel og innførsel av elektrisk energi.

- Ei framtidig utbygging av havbasert fornybar energi i stor skala gjev en rekkje moglegheiter og nye utfordringar. Målet er at framtidig havvindproduksjon skal samkøyrast med våre regulerbare vasskraftanlegg på land, og saman bidra til stabil energiforsyning. Framlegget til lov vil sikre at det blir teke godt omsyn til  miljø, tryggleik, fiskeri og sjøtransport, seier Riis-Johansen.

Strategien i proposisjonen går igjennom teknologiske, forskingsmessige og andre utfordringar knytt til framtidig utbygging av fornybar energi til havs, samt korleis departementet vil følgje dette opp. Det ble tidligare i år oppretta en tematisk satsing på demonstrasjon av marin fornybar energi, som no skiljast ut i eit eige program. I tillegg er tre forskingssentra for miljøvennlig energi (FME) som er relevante for havenergi under etablering.

Forslaget vi no legg fram for Stortinget peikar ut retninga på ei langsiktig satsing for å gjere havvind til ein ny norsk næring; teknologisk og energimessig. Ein vidare utvikla strategi vil bli lagt fram for Stortinget i 2012, seier olje- og energiminister Riis-Johansen.

Havenergilova er den fyrste lova under Olje- og energidepartementet sitt ansvarsområde som er på nynorsk.
-Det er flott og på høg tid nynorsken blir representert i lovverket departementet forvaltar, seier Riis-Johansen.

Terje Riis-Johansen presenterer proposisjonen under en pressekonferanse ved Norsk Teknisk Museum i Oslo. Foran seg har han en modell av StatoilHydros Hywind-turbiner. Foto: UC/OED
 

 

Terje Riis-Johansen presenterer proposisjonen under en pressekonferanse ved Norsk Teknisk Museum i Oslo. Foran seg har han en modell av StatoilHydros Hywind-turbiner. Foto: UC/OED

 

 

 

 

Til toppen