Heidra lågterskel digitalt tilbod for ungdom

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Prosjektet DigiUng har vunnet Betre stat-prisen for 2023. – Ein vel fortent og viktig pris, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Det er Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) som nyleg ga prisen til DigiUng (dfo.no) for at dei har skapt heilskaplege tenester og ei kraftig betra brukaroppleving.

– Eg vil gjerne gratulere DigiUng med Betre stat-prisen. Det viser kor innovativt og godt arbeidet deira er, seier Kjerkol.

Eit nødvendig tilbod

Det har dei siste åra vore ei auka rapportering av psykiske helseplagar blant barn og ungdom, og Kjerkol trekk særleg fram viktigheita av at barn og ungdom har ein digital arena der dei enkelt kan få hjelp.

– Psykisk helse er blant denne regjeringa sine viktigaste satsingsområde, og då er lågterskeltilbod som DigiUng og ung.no heilt nødvendige, seier Kjerkol.

DigiUng har for tida åtte prosjekt gåande (digiung.no) med digitale tilbod som mellom anna rettar seg mot å betre psykisk helse, senke terskelen for å nytte fastlege, samordne chattetenester, førebyggje skadeleg seksuell åtferd, og å leggje til rette for at ungdom kan stille spørsmål og få svar.

Digital ungdomsportal: Nettstaden ung.no er det offentlege sin offisielle informasjonskanal for ungdom, og skal tilby ungdom informasjon og rettleiing om det dei lurar på. Ung.no er kommunikasjonskanalen DigiUng nyttar til å samle alle tenester til barn og unge. 

Søk, chat og e-læring: Prosjektet skal mellom anna betre søkefunksjonaliteten for helserelatert informasjon, men også gjere digitale moglegheiter for læring meir tilgjengeleg og samordne eksisterande chattetenester.

RettPÅ: Skal gi ungdom mellom 13 og 20 år samla og enkel tilgang på informasjon om rettigheiter dei har krav på.

Snakk om PSÅ/SSÅ: Helsedirektoratet har fått i oppdrag å greie ut eit lågterskeltilbod til unge som står i fare for å utøve problematisk skadeleg åtferd eller skadeleg seksuell åtferd (SSÅ) mot andre barn og unge.

DigiHelsestasjon: Formålet er å utvikle digitale helsestasjonstenester for innbyggjarar generelt og ungdom spesielt.

Fastlegetenester for ungdom: Prosjektet har som mål å senke terskelen, slik at ungdom nyttar seg av fastlegetenesta.

UngMeistring: Utvikle åtte digitale nett- og spelbaserte sjølvhjelp- og behandlingsprogram i bruk av innbyggjarane i primær- og spesialisthelsetenesta.  

Kompetanse og samordning: I arbeidet med å bidra til at befolkninga har tilgang til digitale samtaletenester av god kvalitet vil det bli etablert ein felles opplæringsmodul for hjelpetelefonar innan psykisk helse

Tverrsektoriell suksess

Sju departement arbeidar saman om DigiUng, og ei rekkje ulike offentlege aktørar står bak dei ulike prosjekta deira. Dei inkluderer mellom anna Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Norsk helsenett, Helse Bergen, Direktoratet for e-helse og Oslo kommune. 

På eit arrangement ved Ullern videregående skole i Oslo sist fredag blei det spøkefullt sagt at omgrepet «tverrsektorielt samarbeid» ikkje er eit omgrep som seier ungdom så mykje.  

– Men det er viktig at vi i myndigheitene tar omsyn til dette. Barn og unge lever nemleg ikkje i ein sektor, men i et samfunn. Vi må derfor tenke tverrsektorielt og heilskapleg på korleis vi kan nå ut til barn og unge på best mogleg måte, seier Kjerkol.

Flere ungdommer sammen med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Ingvild Kjerkol saman med brukarrepresentantar frå DigiUng sitt ungdomspanel på eit arrangement fredag 10. februar. Brukarrepresentantane kjem frå ulike delar av landet, og har ein mangfaldig bakgrunn. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Utvikla på ungdommar sine premissar

På DigiUng-arrangementet nyleg trakk Kjerkol fram at DigiUng-arbeidet er utvikla på ungdommane sine premissar.

– Det synest eg er veldig spanande og heilt riktig. God tilgjengelegheit og kvalitetssikra informasjon er viktig for at barn og unge skal oppsøke hjelpetilbod og få råd og rettleiing, seier Kjerkol.

Til saman løyver regjeringa ved Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet i år over 62 millionar kroner til arbeidet med DigiUng og ung.no i 2023. Dette er ei styrking på nesten 16 millionar kroner frå 2022.

Ingvild Kjerkol saman med tre ungdommar, som alle er brukarrepresentantar hos DigiUng
På DigiUng-seminaret deltok Ingvild Kjerkol i ein panelsamtale med 14-årige Lucas (lengst til høgre), 18-årige Bianca (nummer to frå høgre) og 14-årige Emilia, som alle er brukarrepresentantar hos DigiUng. Dei stilte statsråden ulike spørsmål med bakgrunn i deira erfaringar. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol saman med leiarar frå ulike aktørar involvert i DigiUng
Frå venstre: Inger Anette Finrud frå Direktoratet for e-helse, prosjektleiar Adélie Dorseuil frå Helsedirektoratet, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, helserådgjevar Anne Bentzrød frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Bård Olesen frå Helsedirektoratet, avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen frå Helsedirektoratet, og Frode Løbersli frå Bufdir. Foto: Helsedirektoratet. Foto: Helsedirektoratet