Program Tromsø

10.30 – 12.00: Besøk på Helsehuset. Statsråden møter tilsette og leiinga for å sjå korleis dei har jobba med rekruttering og kompetanseheving for å redusere bruk av vikarar.
Adresse: Hansine Hansens veg 90 

12.15 – 13.00. Besøk hos lågterskelteamet for barn og unge. Helsedirektoratet lanserer ein ny nasjonal rettleiar om psykisk helsearbeid for barn og unge. Rettleiaren skal sikre eit heilskapleg tenestetilbod til barn og unge, slik Tromsø har.
Adresse: Søndre Tollbodgate 9A

13.15 – 14.00. Besøk hos FACT Ung. FACT Ung tilbyr tenester frå både kommunen og UNN i eit tverrfagleg samansett team for å følge opp ungdom i alderen 12 – 18 år med særlege utfordringar.
Adresse: Skolegata 37

14.30 – 15.00: BUP lederkonferanse. Statsråden held innlegg.
Adresse: Quality Hotel Saga, Richard Withs plass 2

Pressa er velkomen til å dekke heile eller delar av besøket. Gi beskjed om deltaking til pressekontakt Anne Kathrine Aambø.