Haustkonferansen til Pensjonistforbundet Hordaland

Vestre held innlegg om regjeringa si eldrepolitikk.
Tid: Kl. 09.15–10.15
Stad: Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, 5254 Sandsli

Besøk på Haraldsplass diakonale sjukehus

Vestre får ein presentasjon av korleis Haraldsplass har auka talet på brokkoperasjonar på dagtid frå fire til fem. Det har dei klart ved nøye planlegging og godt samarbeid i operasjonsteamet. Det blir òg ein gjennomgang av korleis dei har klart å redusere ventetidene for plastikkirurgi ved å tenkje nytt på fleire område. 

Vidare får Vestre demonstrert simulering, som Haraldsplass brukar i heile sjukehuset for å prøve ut nytt utstyr, øve i team, forbetre seg og førebu seg på uønskte hendingar.

Tid: Kl 10.35–11.50 
Stad: Ulriksdal 8, 5009 Bergen

Besøk på Haukeland Universitetssjukehus

Arbeid med ventetider, prioritering og kloke val - og resultata av dette. På medisinsk avdeling skal seksjon for hormonsjukdommar og seksjon for nyresjukdommar illustrere med tal og konkrete eksempel korleis dei gjennom god dialog med fastlegane, tildeling av time i første brev osv. har jobba systematisk med prioritering av pasientar og kloke val.

Tid: Kl. 12.00–12.45 
Stad: Haukeland universitetssjukehus, Marie Joys hus, Jonas Lies veg 79 (innkøyring ved pasienthotellet)

Opning av SEIER, senter for integrert, evidensbasert helsehjelp i rusbehandling

Senteret er etablert gjennom eit samarbeid mellom Helse Bergen HF og Universitetet i Bergen. Senteret skal utvikle kunnskap om korleis menneske med rus- og avhengigheitslidingar kan få betre, meir heilskapleg og meir effektiv behandling. Personar med alvorlege ruslidingar har betydeleg kortare levealder enn befolkninga elles og lever ofte med fleire samtidige psykiske og somatiske sjukdomar. Mange fell mellom ulike delar av hjelpeapparatet og får ikkje den oppfølginga dei treng. 

Målet med SEIER er å utvikle, teste og dokumentere behandlingsmodellar som integrerer behandling av rusavhengigheit med behandling av andre alvorlege helseutfordringar, slik at pasientane kan få heilskapleg hjelp på ein stad.

Tid: Kl. 13.00–14.30 
Stad: Engenhuset, Håkonsgaten 1, 5015 Bergen