Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren besøker Kristiansand 9. mai
Nyheit | Dato: 08.05.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre opnar og deltar på Kreftforeningas «Stafett for livet» og skal også besøke det kommunale nettlege-tilbodet i Kristiansand.
11.30–12.20: Stafett for livet
Kreftforeningas «Stafett for livet» er ein hyllest til alle som er ramma av kreft. Vestre møter personar som har overlevd kreft og som kjempar mot kreft i dag, og deltar på første runde av stafetten med dei.
Stad: Kristiansand stadion, Østre Ringvei 2
12.30–13.00: Besøk hjå nettlegen i Kristiansand
Kommunal nettlege er ei prøveordning for å gi innbyggarar tilgang til digital legetime dersom fastlegen ikkje har ledig time. Vestre besøker nettlegen i Kristiansand for å lære meir om deira erfaringar så langt.
Stad: Valhalla omsorgssenter, Marviksveien 20
Pressa er velkomen til å delta på besøket.
Kontaktperson er politisk rådgivar Andreas Skretting Jansen, e-post andreas-skretting.jansen@hod.dep.no, m. 915 81 158.