Helse- og omsorgsministeren mottok rapport om tidleg tilgang til legemiddel
Nyheit | Dato: 30.09.2026 | Sist oppdatert: 02.10.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Fredag 2. oktober tok helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre imot rapporten frå ekspertgruppa som har greidd ut tidleg tilgang til legemiddel.
Regjeringa satt i mai 2026 ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe for å greie ut korleis tidleg tilgang til legemiddel med avgrensa dokumentasjon av tryggleik og effekt kan gjerast tilgjengeleg for pasientar med alvorleg sjukdom, kort forventa levetid og utan behandlingsmoglegheiter, utanfor kliniske studiar. Gruppa blei leidd av professor Bjørn Henning Østenstad og hadde oppdrag i å levere tiltak og eventuelle forslag til regelverksendringar.
Tid: Fredag 2. oktober kl. 08.00–09.00
Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59
Ekspertgruppe tidlig tilgang
Sjå sendinga her
Arrangementet blei filma av Departementas digitaliseringsorganisasjon (DIO), og ein kunne følge sendinga direkte på denne sida. DIO distribuerte publiseringspunkt til medier som ville sende arrangementet direkte. DIO kan kontakast på telefon 22 24 88 45 eller epost: dio-lydogbilde@dio.dep.no. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på denne sida.