Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsministeren vitjar Vanse, Spangereid og Vennesla tysdag 27. juni

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol vitjar lærlingar hjå ein omsorgsbustad i Vanse før ho reiser vidare til Spangereid for å lære meir om korleis GE Healthcare arbeidar for å fremme helsenæring som den neste norske eksportsatsinga.

Ho avsluttar dagen i Vennesla, kor ho får ei omvising av tryggleiks- og omsorgsbustadane der, og også møter ein bebuar.

Program tysdag 27. juni

Kl 09.00 – 11.00: Vitje lærlingar i Vanse

Vitjing hjå Listaheimen omsorgsboliger for demente i Vanse. Kjerkol besøker òg heimetenesta i Vanse. Statsråden treffer tre lærlingar og ein rettleier for å lære meir om utfordringane dei har kring bemanning og viktigheita av solid opplæring. Kjerkol kjem òg til å lære meir om korleis dei jobbar med heiltid, velferdsteknologi og framtidas innretningar i kommunen.

Kl 12.00 – 14.00: GE Healthcare i Spangereid

Kjerkol reiser vidare til Spangereid i Lindesnes kommune, kor ho vitjar GE Healthcare sin produksjonsverksemd her. I eit av verdas mest moderne og effektive prosessanlegg i Spangereid produserer GE Healthcare grunnsubstansar som blir nytta i medisinsk billedgjering. Nyleg blei helsenæringa valt som Noreg si fjerde nasjonale eksportfremmesatsing, og GE Healthcare speler ei viktig rolle her.     

Kl 15.45 – 17.00: Omsorgs- og tryggleiksbustader i Vennesla

Statsråden lærer om korleis Vennesla kommune har løyst ulike bukonsept. Ho vitjar Venneslatunet bygd i 1998, kor det både er dagsenter, heimetenesteavdeling og hjelpemiddelsentral mm. Kjerkol møter bebuarar, som fortel om sine erfaringar. Kjerkol får òg ei omvising i Vennesla sentrum, kor ho mellom anna skal sjå det som skal bli ein park- og aktivitetsplass for eldre.

Pressa er velkomen til å dekke heile eller delar av vitjinga. Kontakt seniorrådgjevar Daniel Drageset viss du ønsker å delta.