– Olje- og gassnæringa betyr enormt mykje for Noreg. I 2027 er det venta at næringa gir staten 568 milliardar kroner i inntekter, som er meir enn heile inntekts- og formuesskatten anslått i statsbudsjettet for 2026. Me vil halde fram med å utvikle vår største næring. Det gir økonomisk tryggleik for både dagens og framtidige generasjonar, samtidig som stabile leveransar av olje og gass bidreg til energitryggleik for våre allierte i Europa, seier energiminister Terje Aasland.

Den samla norske petroleumsproduksjonen blir anslått til om lag 244 millionar standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar i 2026. Det er vil vere det høgaste produksjonsnivået på 20 år og om lag 2,1 prosent høgare enn i 2025. Produksjonen på norsk kontinentalsokkel skaper store ringverknader og gir direkte og indirekte grunnlag for over 200 000 arbeidsplassar over heile landet. 

Stortingsmelding om petroleumsverksemda i 2027

Det er venta at produksjonen på norsk kontinentalsokkel blir liggjande på eit stabilt og høgt nivå dei næraste åra, før han gradvis minkar. Stabile og føreseielege rammevilkår er avgjerande for utviklinga av sektoren. Dette inneber at avgjerdene som blir tekne for næringa i dag, kan ha konsekvensar fleire tiår fram i tid. Petroleumsmeldinga, som etter planen skal leggjast fram for Stortinget tidleg i 2027, vil derfor ta opp sentrale vegval som vil vere viktige for produksjonen frå 2030-talet og framover, mellom anna tilgangen på leiteareal.

– Verda og Europa vil ha behov for olje og gass i fleire tiår framover. Den komande stortingsmeldinga vil gi Stortinget eit viktig grunnlag for å stake ut den langsiktige kursen for petroleumsverksemda. Avgjerdene blir sentrale for om Noreg vil få til ei gradvis omstilling og kan halde fram med å bidra med energi til Europa, eller om me får ei brå og uføreseieleg avvikling. Me står overfor vegval med stor betydning for det norske folket, norsk økonomi og europeisk energitryggleik, seier Aasland.

Stor aktivitet på norsk kontinentalsokkel - behov for nye prosjekt framover

Mange pågåande utbyggings- og utviklingsprosjekt har bidratt til eit høgt aktivitetsnivå på norsk kontinentalsokkel dei siste åra, mellom anna som følgje av dei mellombelse skattereglane som blei vedtekne i 2020. Hovudvekta av utbyggingane i denne perioden har vore mindre utbyggingar knytte til eksisterande infrastruktur, men inkluderte også sjølvstendige utbyggingsprosjekt. Investeringane i petroleumsverksemda blir anslått til om lag 283 milliardar kroner i 2026.

– Me ser at utbyggingsprosjekta som me tok imot i perioden 2020-2022, gav store nødvendige oppdrag til norskbasert leverandørindustri. Prosjekta bidrog til at me kunne behalde viktige hjørnesteinsbedrifter over heile landet og ta vare på sentral kompetanse som me kan byggje vidare på i åra framover, seier Aasland.

Blant dagens funn er det få som har store nok utvinnbare ressursar til å bli bygd ut som sjølvstendige felt. Det kan særleg redusere tilgangen på nye oppdrag for den delen av leverandørindustrien som arbeider med slike utbyggingar. Samtidig er det gjort fleire mindre funn som er planlagde bygd ut med havbotnløysingar knytte til eksisterande infrastruktur. Desse utbyggingane kan gi betydelege oppdrag til store delar av leverandørindustrien.

– Me treng nye utbyggingsprosjekt som leverandørindustrien kan konkurrere om. For framtidig produksjon, verdiskaping og aktivitet er det særleg viktig å få realisert større funn som Wisting, Linnorm og Peon. Regjeringa legg til rette for vidare leiting, auka utvinning og utbygging av funn gjennom stabile og føreseielege rammevilkår, seier Aasland.