Statistisk sentralbyrå publiserte torsdag 18. januar rekneskapstal for inntektene til kommunesektoren frå skatt på inntekt, formue og naturressursskatt i 2023. Skatteinntektene utgjer om lag 40 prosent av inntektene til kommunane.

Dei ferske tala viser at skatteinntektene i 2023 for kommunesektoren vart rundt 252,2 milliardar kroner. Samla vart meirskatteveksten i 2023 på 11,2 milliardar kroner i 2023 samanlikna med Saldert budsjett 2023.

– Skatteutjamninga i inntektssystemet gjer at alle tek del i meirskatteveksten. Dei auka inntektene vil bidra til å sikre gode tenester nær folk i heile Noreg, sa Sande.

I 2021 og 2022 var det rekordhøg meirskattevekst. Den gongen hadde kommunane mellom anna store uventa forskot- og restskattar som følgje av høge kapitalinntekter. For 2023 må store delar av meirskatteveksten sjåast i samanheng med sterkare lønns- og sysselsettingsvekst enn lagt til grunn i nasjonalbudsjettet 2023.

– Kommunane disponerer midlane fritt. Eg er trygg på at dei lokale folkevalde vil gjere gode vurderingar av korleis dei ekstra midla bør disponerast, seier statsråden.