Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Miljødirektoratet skal kunne pålegge undersøking og avbøtande tiltak der vassdragstiltak, særleg vasskraftanlegg, har stor påverknad på miljøet eller andre samfunnsinteresser. Dette er tiltak som ikkje vil kunne påverke kraftproduksjonen.  Forskrifta er føreslått å gjelde for alle vassdragstiltak, også dei utan konsesjon.

- Det er viktig å få gjennomført tiltak for å betre miljøet i eldre regulerte vassdrag på ein effektiv måte utan for mykje byråkrati. Dette er også positivt for legitimiteten til vasskrafta generelt, seier energiminister Terje Aasland.

I dag kan pålegg om undersøking og avbøtande tiltak gis dersom eit vassdragstiltak har konsesjon med såkalla standardvilkår. Mange eldre tiltak fell utanfor, anten fordi dei manglar konsesjon eller fordi konsesjonen er gitt før standardvilkår vart vanleg praksis. Å innføre slike vilkår i dag krev ofte vilkårsrevisjon, omgjering av konsesjon eller innkalling til behandling. Dette er prosessar som er både tid- og ressurskrevjande. Med forslaget kan nødvendige pålegg om undersøking eller miljøtiltak bli fastsett med heimel direkte i forskrifta.

Døme på avbøtande tiltak som kan bli pålagt etter forskrifta er habitattiltak for rekruttering av fisk, utplassering av reirkasser for fugl, flytting av elvemusling, omlegging av stinett for friluftsliv, terskelbygging for vasspegel av omsyn til landskap og erosjonssikringstiltak.

- Dette forslaget vil sikre at fisk og anna liv i regulerte vassdrag får betre levevilkår, ikkje minst i regulerte vassdrag utan konsesjon. Der har det i praksis vore svært vanskeleg og tidkrevjande å få gjennomført undersøkingar og tiltak som kan betre situasjonen. Dette arbeidet er viktig for livet i vassdraga, men òg for å følgje opp EUs vassdirektiv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

For anlegg  som allereie har oppdaterte standardvilkår, inneber forslaget ingen realitetsendringar. På sikt skal forskrifta erstatte miljøvilkår som er sett i sjølve konsesjonen.

For anlegg som ikkje har oppdaterte standardvilkår, inneber forslaget at dei framover kan bli pålagt undersøking og avbøtande tiltak. Pålegg må mellom anna oppfylle krav om årsakssamanheng, og stå i rimeleg forhold til skaden eller ulempa vassdragstiltaket fører til. Pålegg som kan redusere kraftproduksjonen skal framleis bli behandle gjennom vilkårsrevisjon, innkalling og omgjering, slik som i dag.

Frist for å gi innspel til høyringa er 4. september 2026