Høyring – forslag til endringar i offentleglova m.m.
Nyheit | Dato: 31.03.2023 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet har i dag sendt eit forslag til endringar i offentleglova § 14 første ledd m.m. på høyring.
Det kan i dag gjerast unntak frå innsyn for dokument som er utarbeidde for eiga intern saksførebuing (organinterne dokument), men unntaket omfattar ikkje journalinnføringar som gjeld slike dokument, og som kan røpe mange av dei same opplysningane. Forslaget er meint å vere klargjerande og medfører ikkje endringar i kva for dokument ein kan krevje å få innsyn i.