Staten har gjennom Entur AS bygd opp ein felles digital infrastruktur for reiseplanlegging, billettenester og kollektivtransportdata. Oppgåvene som Entur utfører, gjer at dei sit på store mengder data. På grunn av personvernregelverket og regelverket om vern av forretningshemmelegheiter kan ikkje desse dataene per i dag delast vidare med transportmyndigheiter og andre med samfunnsnyttige formål, utan at det finst eit eige lovgrunnlag for det.

– Vi vil gjere Entur i stand til å dele data med andre verksemder i kollektivsektoren. Desse dataene kan blant anna bidra til forbetringar, slik at vi får meir ut av vegar, banar, rutetilbod og andre ressursar. Med tilgang til fleire data blir det for eksempel enklare å føreseie reisestraumar og styre reisåtferda smartare. Med desse grepa kan vi altså gi dei reisande eit betre tilbod, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Tar omsyn til personvernlovgjeving og kommersielle interesser 

I høyringa understrekar departementet at datadelinga sjølvsagt må skje innanfor rammene av personvernlovgjevinga, og at kommersielle interesser må vernast om. Dei aktuelle dataene skal ikkje bli offentleg tilgjengelege. Det er berre transportmyndigheiter og andre som treng data for å gjere samfunnsnyttige oppgåver som kan få tilgang.

– Det offentlege må bli betre til å ta i bruk eigne og andres data til å fornye og forbetre offentlege tenester, og til smartare oppgåveløysing. Forslaga våre vil danne ei solid rettsleg ramme for behandling av desse dataene, utan at dei skal kome på avvegar eller bli tilgjengelege for konkurrentar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Faktaboks – høyringsforslaget i korte trekk

  • Jernbanelova og yrkestransportlova får nye heimlar som gir rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningar og dele forretningshemmelegheiter for å nå transportpolitiske mål.

  • Ansvaret staten har for å utvikle og drifte ein felles digital infrastruktur for reiseplanlegging, billettenester og kollektivdata blir lovfesta. Dette arbeidet blir utført av det statseigde Entur AS.

  • Forslaget endrar ikkje ansvars- og oppgåvefordelinga i kollektivtransporten. Fylkeskommunane har framleis ansvar for tilbodet i sitt område. Men dei vil få betre datagrunnlag i planlegging og tilrettelegging av tilbodet.  

Vidare framdrift

Fristen for å kome med høyringsinnspel er 30. oktober 2026.

Samferdselsdepartementet tar sikte på å leggje fram eit lovforslag for Stortinget våren 2027.

For fleire opplysningar – sjå: