Historisk arkiv

Høyt utdanna innanfor natur -og realfag slit med å få seg jobb

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stadig fleire med master i realfag, som matematikk fysikk og kjemi, får seg ikkje relevant arbeid. Nye tal viser at 16 prosent var arbeidsledige eit halvt år etter eksamen. Det er over dobbelt så høgt som gjennomsnittet blant alle mastergradskandidatane.

- Dette er ei utvikling som eg er uroa for. Vi er heilt avhengige av fleire kloke hoder med kompetanse innanfor realfag når vi skal finne løysingar for framtida, blant anna innanfor klima. Nærast alt som er bygd av menneske er mogleg på grunn av kunnskap innan realfag, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Tala kjem fram i Kandidatundersøkelsen 2019 som Nordisk institutt for studium av innovasjon,  forskning og utdanning (NIFU) har laga. 4000 personar med mastergrad som fullførte utdanninga si våren 2019 har svart på undersøkinga. Den måler korleis dei nyutdanna vurderer utdanninga si  og korleis det har gått med dei på arbeidsmarknaden.

Aukande arbeidsløyse over tid

Sjølv om arbeidsløysa for høgt utdanna har vore låg i Noreg, har den for realistane auka jamt sidan 2007. Samstundes har arbeidslivet sjølv argumentert for å auke talet på studieplassar innan realfag. I 2019 var arbeidsløysa nesten 7 prosentpoeng høgare enn for humanistane, som tradisjonelt har hatt vanskar med å få relevant arbeid.

- Hadde det vore eit enkelt svar på kvifor arbeidsløysa blant realistane stig, så ville det vore enklare å gjere noko med det. Men vi veit rett og slett ikkje kva det skuldast, så det må vi sjå nærmare på, seier Asheim.

Ingeniørar og teknologar meir ettertrakta

Ei undersøking blant arbeidsgjevarane som NIFU utførte i fjor viste at 35 prosent av verksemdene særleg ønsker å tilsette fleire masterkandidatar frå teknologi og ingeniørfaga dei nærmaste åra. Tilsvarande tall for realistar og naturvitarar er berre sju prosent.

Trass dette blir det årleg uteksaminert fleire realistar enn teknologar på masternivå. I 2019 blei det utdanna 1290 realistar mot 916 teknologar.

Ekstra vanskeleg å få jobb som innvandrar

Innan studium som matematikk, kjemi og fysikk er studentar med innvandrarbakgrunn overrepresentert. I undersøkinga er innvandrarar definert som dei som er fødd i utlandet og som har foreldre som også er fødd utanfor Noreg.

Undersøkinga syner at arbeidsløysa hos  innvandrarar med mastergrad innanfor realfag er 18 prosentpoeng høgare enn for dei som er fødd i Noreg. Gode norskkunnskapar hjelper, men framleis er skilnaden stor.

- Både næringslivet og politikarar har i fleire år sagt at nykelen til god integrering er utdanning og arbeid. Når nyutdanna med innvandrarbakgrunn ikkje ein gong får ein sjanse i arbeidslivet, har vi mislukkast. Eg vonar arbeidsgjevarane tar dette på alvor og at også dei kjenner på eit ansvar for at fleire skal inkluderast, seier Asheim.

Meir samarbeid med næringslivet

Han trur også eit tettare samarbeid med arbeidslivet er det som skal til for å få fleire realistar ut i jobb.

Til våren skal regjeringa legge fram ei stortingsmelding om nettopp samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidsliv. Resultata frå denne undersøkinga gjev viktig kunnskap for dette arbeidet.

- Studiestadene og arbeidslivet må samarbeide meir om studentanes læring, slik at dei kjem tettare på det verkelege livet og studentane får trening i å finne nye løysingar på faktiske problem.. Dette kan til dømes skje gjennom praksis eller studentoppgåver i samarbeid med arbeidslivet, seier Asheim.