Noreg er eit monarki, med Hans Majestet Kongen som statsoverhovud. Landet er aldri utan statsoverhovud. Når ein monark døyr, overtek automatisk den som står først i arverekkefølgja som konge eller dronning. Monarken leier dei jamlege statsrådsmøta med regjeringa på Slottet.

Grunnlova § 6 seier kva personar som er rettkomne arvingar til trona. Tidlegare var det berre menn som hadde arverett, men sidan 1990 har kvinner og menn vore likestilte. For dei som er fødde før 1990, gjeld likevel at menn har arverett før kvinner.

Arvefølgja er lineær, noko som betyr at det berre er barna til ein konge eller ei dronning, eller barna til nokon som sjølv har arverett, som kan arve.

Dette skjer når ein monark døyr:

  • Stortingspresidenten, statsministeren og høgsterettsjustitiarius vert varsla om dødsfallet.
  • Regjeringa vert samla til ein ekstraordinær regjeringskonferanse.
  • Regjeringa møter den nye monarken til ekstraordinært statsrådsmøte på Slottet. Her vert regjeringa formelt orientert om dødsfallet samstundes som namnet og valspråket til den nye monarken vert presentert.
  • Når ein monark døyr, skal den som blir ny monark avleggje eid munnleg for Stortinget. Dette følgjer av Grunnlova § 9. Den nye monarken gir følgjande eid for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg vil regjere Kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!» 
  • Vidare følgjer det av Grunnlova § 44 at den som er myndig og blir nummer to i arverekka, skal avleggje eid skriftleg for Stortinget.  

Tronskifte i Noreg i nyare tid:

  • Kong Haakon VII døydde om morgonen 21. september 1957. Ekstraordinært statsrådsmøte med den nye kongen, kong Olav V, vart halde på Slottet same dag. Sidan Stortinget ikkje var samla på dette tidspunktet, vart eiden gitt i det ekstraordinære statsrådsmøtet og deretter gjenteke ved Stortingets opning 20. januar 1958.
  • Kong Olav V døydde om kvelden 17. januar 1991. Ekstraordinært statsrådsmøte med den nye kongen, kong Harald V, vart halde på Slottet ved midnatt. Stortinget var samla og den nye kongens eid vart gitt for Stortinget 21. januar 1991.

Eidsavlegging i Noreg i nyare tid: 

  • Ved kong Haralds død er det første gong i nyare norsk historie at den som vert nummer to i arverekkefølgja allereie er myndig. Kronprinsesse Ingrid Alexandra skal difor avleggje eid skriftleg til Stortinget.
  • Då kronprins Olav vart myndig 2. juli 1924 var far hans, kong Haakon, allereie konge. Det same gjaldt då kronprins Harald vart myndig 21. februar 1958 og då kronprins Haakon vart myndig 20. juli 1991. Dei vart nummer to i arverekka før dei vart myndige, og avla difor eiden til Stortinget då dei nådde myndigrettsalder.