Indonesia får milliardutbetaling etter kraftig reduksjon i avskoging
Nyheit | Dato: 12.11.2026 | Klima- og miljødepartementet
Indonesia har oppnådd nokre av sine beste resultat nokon sinne i å bevare regnskogen. Nå utbetaler Noreg éin milliard kroner som anerkjenning av innsatsen.
– Indonesia har vist at ambisiøs politikk og målretta innsats kan gi betydelege resultat for klimaet, naturen og menneske. Med denne utbetalinga anerkjenner vi Indonesia sin framgang i arbeidet med å beskytte skogane sine, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Tilsvarande seks år med norske utslepp spart
Frå 2020 til 2023 reduserte Indonesia utsleppa frå avskoging og skogforringing med totalt om lag 270 millionar tonn CO₂. Det svarer til meir enn seks gongar Noregs samla årlege klimagassutslepp. Noreg betaler Indonesia for 10 millionar tonn av desse utsleppskutta.
Indonesia har klart å redusere avskoginga til eit historisk lågt nivå gjennom mange års arbeid med å ta betre vare på skogen. Dette skuldast mellom anna betre skogforvaltning, sterkare vern av skog, meir berekraftig bruk av landareal og auka innsats mot ulovleg hogst, skogbrannar og miljøkriminalitet. Fleire års samarbeid med Noreg om regnskogsbevaring har bidratt til dei gode resultata.
Bidrar til Indonesias vidare klima- og skoginnsats
Det norske bidraget skal støtte Indonesias plan om at landets skogar og andre naturområde samla skal fange opp meir klimagassar enn dei slepp ut innan 2030.
Midla skal mellom anna bidra til restaurering av skog og mangrove, og førebygging av skogbrannar. Dette er viktig i ei tid der klimaendringar aukar presset på skogane, og bidrar til fleire skog- og markbrannar. I år har vêrfenomenet El Niño bidratt til auka skogbrannar over heile verda.
– Bidraget frå Noreg er ei tydeleg anerkjenning av innsatsen som blir lagt ned av Indonesias skogforvaltning og indonesiske lokalsamfunn. Indonesia står fast ved forpliktinga vår om å forvalte desse midla med full openheit, for å oppnå fire strategiske prioriteringar: førebygge skogbrannar, restaurer økosystem, bevare biologisk mangfald og betre levekåra for lokalbefolkninga. Samtidig vil bidraget ytterlegare styrke samarbeidet om målbar og påliteleg skogovervaking, seier Indonesias skogminister Raja Juli Antoni.
Nyleg kunngjorde indonesiske styresmakter at landets framtidige behov for mat og energi skal dekkast utan å bruke skogområde.
– Det er svært positivt at Indonesia har slått fast at framtidige behov for mat og energi skal bli møtt utan at det går ut over skogen. Dette sender eit viktig signal om at utvikling og skogbevaring kan gå hand i hand, seier Aasland.