Presseinformasjon

Tvinnereim til mat-toppmøte i Senegal

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på toppmøte for matsikkerheit i Senegal denne veka. Eit av hovudformåla er å mobilisere næringslivet til å bidra i kampen mot svolt og sikre nok mat til alle verdas land.

828 millionar menneske i verda får for lite mat kvar dag. I Afrika sør for Sahara jobbar 70 til 80 prosent av befolkninga innan jordbruk og fiske. Samstundes  er det eit paradoks at storparten av familiane som svelt, er nett desse småbøndene og fiskarane. 

– Det ligg enorme moglegheiter her i Afrika. Verdsdelen kan fø ikkje berre si eiga befolkning, men kan også hjelpe andre område i verda der befolkninga ikkje har nok mat, seier utviklingsminister Tvinnereim.  

– Det er viktig og særs nyttig for meg å være her og møte dei afrikanske leiarane samla. Vi har også eit godt samarbeid med leiar i Afrikabanken, Akinwumu  Adesina, for å skape auka merksemd om dette temaet, seier ho. 

Noreg annonserte i september 2022 støtte til matkriseresponsen til banken («African Emergency Food Production Facility» - AEFPF) med 100 millionar kroner.   

Dakar2 Summit finn stad frå 25. til 27. januar og har tittelen "Feed Africa: Food Sovereignty and Resilience". Møtet vert arrangert av Afrikabanken, Senegal og AU-kommisjonen.   

– Vi skal diskutere konkrete tiltak for å finne løysingar som hjelper afrikanske småbønder med å auke avlingane sine og samstundes demme opp for/unngå effektane av klimaendringane. Med nye, innovative løysingar, betre infrastruktur og private investeringar kan Afrika bli verdas nye brødkurv, seier Tvinnereim. 

Ho skal delta i eit panel under konferansen.   

Tvinnereim er oppteken av småskala bønder, jordhelse og gjødsel og at ein ser heile verdikjeda i matproduksjon under eitt. Samstundes må me innrette langsiktig innsats for matsikkerheit i humanitære svoltkriser.   

– Verda er inne i ein periode med fleire og samanhengande kriser med økonomiske nedgangstider samstundes som vi har vi klima- og miljøkrise, veksande ulikheit og ei svoltkrise. Liberale verdiar og normer er også under sterkare press. Dei globale humanitære behova er rekordhøge, seier Tvinnereim. 

I alt 274 millionar menneske hadde behov for humanitær assistanse og beskyttelse ved inngongen til 2022, opp frå 235 millionar i 2021. Og talla har auka ytterlegare det siste året. Samstundes aukar gapet mellom behov og finansiering. Væpna konflikt og klimaendringane tvinger stadig fleire menneske på flukt. I alt 82,4 millionar menneske er flyktningar og internt fordrevne viser tal frå FNs flyktningorganisasjon UNHCR.    

Utviklingsministeren skal også ha møte med ulike afrikanske og europeiske leiarar under opphaldet i Dakar, mellom anna med Senegals president, Macky Sall.  

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, 97 67 12 50