Statsbudsjettet 2027
Innfrir verdsarv-ambisjon
Nyheit | Dato: 07.10.2026 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa foreslår å innfri ambisjonen om verdsarvsenter i alle dei norske verdsarvområda i statsbudsjettet for 2027.
Riksantikvarens tilskotspost til drift av verdsarvsenter blir styrka i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Dette gjer det mogleg å autorisere dei to siste områda som i dag er utan slike senter: Nærøyfjorden i Vestnorsk fjordlandskap og Bryggen i Bergen.
– Eg er stolt over at vi no kan oppfylle målet om verdsarvsenter i alle dei norske verdsarvområda. Å formidle bidraget vårt til verdsarven er ei særskilt satsing for regjeringa, og eg ser fram til at senter kan kome på plass òg i Nærøyfjorden og i Bergen, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Formidle kunnskap
Verdsarvsentra har som formål å formidle kunnskap om verdsarven og forståing for kvifor desse verdiane skal takast vare på og bidra til lokalt engasjement om dei åtte norske verdsarvområda. Noreg har eit mål om at den norske verdsarven skal utviklast som fyrtårn og beste praksis for natur- og kulturmiljøforvaltning.
– Å skape merksemd om kvifor vi tar vare på verdsarven er ei viktig oppgåve, fordi det i seg sjølv bidrar til å ta vare på unike verdiar som vi forvaltar på vegne av både Noreg og verda, seier klima- og miljøministeren.
Regjeringa har over fleire år arbeidd for at det skal bli etablert verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda.