Inntektssikringsordninga for lærlingar er forlenga

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Den mellombelse inntektssikringsordninga for lærlingar er forlenga ut mars etter at budsjettavtalen er på plass. Ordninga gjaldt opprinneleg fram til 1. november.

– Ved å vidareføre denne ordninga sikrar vi inntekta for lærlingar som har mista lærlingplassen sin eller er permitterte etter 31. oktober. Det er viktig at vi tar hand om lærlingane, og at dei er trygge på at dei vil ha ei form for inntekt i denne perioden, seier arbeids- og sosialminister Henrik Asheim.

Lærlingar som har mista lærlingplassen eller blitt permitterte under koronapandemien, og som held fram med utdanninga i dagpengeperioden, kan fortsatt søke om dagpengar. Ordninga for lærlingar er forankra i dagpengeregelverket, men med særlege reglar.

Dei vanlege reglane som set krav om ei tidlegare minsteinntekt, gjeld ikkje. Det inneber at denne ordninga også gjeld for dei som har begynt i lære denne hausten. Regelen om at ein ikkje kan kombinere dagpengar og utdanning gjeld heller ikkje for denne ordninga.

Ordninga trer i kraft straks og vil få verknad frå 1. november 2020.

Meir om ordninga

  • Lærlingane kan få dagpengar med 100 prosent av inntekta opp til 1,5 G, og med 62,4 prosent av lønna frå 1,5 til 6 G
  • Lærlinglønna er den lønna lærlingen hadde på tidspunktet han eller ho blei permittert eller mista lærlingplassen sin
  • Dagpengane blir redusert når lærlingen er delvis permittert