Norske interesser i FNs tryggingsråd

Noreg gjekk inn i FNs tryggingsråd ved årsskiftet, men vi står ikkje på «menyen til stormaktene», og vi vil heller ikkje bli ein «kasteball i krysspresset til globale stormakter», slik Cecilie Hellestveit hevdar i Dag og Tid 8. januar.

Vi tok plass ved bordet – ikkje på bordet – i tryggingsrådssalen for å kunne bidra konstruktivt til Tryggingsrådet sitt arbeid med å ta hand om internasjonal fred og tryggleik, i tråd med norske interesser og dei lange linjene i norsk utanrikspolitikk .

Først vil eg ønskje bidraget til Hellestveit velkommen. Ho reiser viktige problemstillingar og har rett i at arbeidet for Noreg i Tryggingsrådet blir krevjande. Globale stormaktspenningar aukar, og den internasjonale rettsordenen er utsett for press. Det er ikkje nytt at Noreg, på lik linje med andre tryggingsrådsmedlemmer, vil måtte balansere utanrikspolitikken sin i tider med geopolitiske maktforskyvingar og utfordringar. Slik var det òg i dei fire andre periodane vi har vore medlem av Tryggingsrådet, og slik er det i den daglege utøvinga av norsk utanrikspolitikk.

Dei globale styrketilhøva er i endring, men det vil ikkje seie at Noreg sin innverknad vert svekt eller at handlingsrommet vert redusert i alle saker. Og det er ikkje slik at polariseringa mellom stormaktene gjer seg like sterkt gjeldande i alle saker som Tryggingsrådet behandlar.

Ein nullsumspelanalyse for global politikk er ikkje særleg treffande for arbeidet og dynamikken i Tryggingsrådet. Arbeidet i rådet tek sikte på å oppnå semje om posisjonar, eller i det minste å nå eit sluttprodukt som unngår veto frå eit av dei faste medlemmene. Av dei i alt 58 resolusjonane som Tryggingsrådet vedtok i fjor, vart dei fleste vedtekne samrøystes, men ofte etter lange forhandlingsrundar. Dei fleste av desse vedtaka galdt mandatfornyingar for fredsbevarande operasjonar, politiske oppdrag og sanksjonsregime.

Internasjonalt diplomati er ofte ein risikosport. Men sjansen for å bli samde om felles løysingar på komplekse konfliktar er trass alt større i Tryggingsrådet enn utanfor. Dette vil sjølvsagt ikkje seie at det blir lett å oppnå semje. Som regel er det tidkrevjande som følgje av reelle interessemotsetnader mellom rådsmedlemmene.

Sjølv om Hellestveit ikkje har gledd seg til det norske medlemskapet, er eg glad for at ho anerkjenner at Tryggingsrådet er viktig. Ho gjev fleire døme på at konfliktutsette land ser seg tente med å ha ein bestevenn blant dei faste rådsmedlemmene. Dette er ikkje nokon ny trend, men denne faktoren slår ut med ulik styrke og slett ikkje alltid like sterkt som Hellestveit hevdar.

Eg deler langt på veg Hellestveits framstilling av ein endra dynamikk mellom medlemmene i Tryggingsrådet, men det er likevel ikkje grunnlag for å konkludere med at dette er eintydig negativt for Noreg. Ein endra rådsdynamikk skapar òg føremoner for oss valde medlemmer, ikkje minst der vi klarar å stå saman. Det siste tiåret har mange valde medlemmer vist at det er mogleg å få gjennomslag og støtte for saker som er svært viktige for internasjonal fred og tryggleik – både i landsituasjonar og for tematiske saker.

Det er dette handlingsrommet Noreg vil prøve å bruke for å oppnå resultat. Vi har realistiske ambisjonar og vil arbeide for løysingar som har brei oppslutning, og som kan medverke til konkrete framsteg. Noreg skal framleis vere ein attkjenneleg partnar for FN og multilateralt samarbeid, òg i Tryggingsrådet. Og la det ikkje vere tvil om at Noreg alltid vil røyste i tråd med norske interesser.