Invitasjon til innspelsmøte om fosterheimsmelding

Regjeringa skal leggja fram ei fosterheimsmelding. Meldinga vil ha som overordna mål å gjera det lettare å rekruttera og å behalda fosterheim.

For å oppnå dette er eg oppteken av å høyre direkte frå dei som jobbar med dette, både organisasjonar og tilsette, og frå barn, unge og deira familiar, som har innspel til det vidare arbeidet. Eg vil difor oppmode dykk om å delta på dette innspelsmøtet.

Dato for møtet er torsdag 11. mai 2023, kl. 11:00-14:00. Møtet vert halde hos Hotel Bristol Oslo, Kristian Ivs gate 7, 0164, Oslo. Vi serverar kaffe frå 10:40. Vi serverar påsmurt lunsj i løpet innspelsmøtet.

Kvar organisasjon kan delta med 1–2 personar. Deltakarane vert inviterte til å gje eit førebudd innspel på tre minutt om tema. Ved stor interesse kan det bli behov for å justere på taletida. Vi ber om at de oppgir i påmeldinga om de ønskjer å halde innlegg.

Om de ønskjer å bruke powerpoint, ber me om at den blir sendt saman med påmeldinga. Til presentasjonen ber me alle svare på følgjande spørsmål:

  • Kva meiner de er dei største utfordringane på fosterheimsområdet?
  • Kva tre tiltak meiner de er viktigast for å løysa desse utfordringane?

Lenkje til påmelding her.

Lokalet er tilrettelagd for rullestolbrukarar, og dessutan har teleslyngje. Pressa er også velkommen, og kan ta bilete.

Frist for påmelding er 5. mai.

Velkommen til innspelsmøte!