Invitasjon til lansering av strategi for ytringsfridom
Nyheit | Dato: 17.09.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Som ei oppfølging av NOUen frå Ytringsfrihetskommisjonen vil regjeringa legge fram ein strategi for å sikre ytringsfridomen.
Når: Tysdag 23. september, kl. 09.00-11.15
Stad: Lokala til Fritt Ord i Uranienborgveien 2, Oslo
Påmelding: Arrangementet er fullteikna.
Pressa kan framleis melde seg på direkte til Kommunikasjonseininga til kudinfo@kud.dep.no Statsråden vil vere tilgjengeleg for intervju.
Program
Servering frå kl. 09.00-09.30
Opningsinnlegg og lansering av strategien
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Føredrag om satireteikning og ytringsfridom
Erle Marie Sørheim, forfattar og journalist
Panelsamtale – Kva trugar ytringsberedskapen i Noreg, og korleis kan vi best sikre ho? Korleis sikrar vi ytringsberedskap også for utsette og marginaliserte grupper?
- Paul Buvarp, seniorforskar ved FFI
- Kristenn Einarsson, administrerande direktør for WEXFO
- Bjørn Hatterud, forfattar, kurator og musikar
- Adele Matheson Mestad, tidlegare direktør for NIM og medlem av Ytringsfridomskommisjonen
- Ammal Ahmed Haj Mohamed, prosjektleiar i Norsk PEN
- Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk
- Trygve Svensson, leiar for Tankesmien Agenda
- Kjersti Thorbjørnsrud, forskar I ved ISF
Ordstyrar: Erle Marie Sørheim, forfattar og journalist