Jan Hjelle ny administrerande direktør i Husbanken

Jan Hjelle (53 år) er i dag tilsett av Kongen i statsråd som ny administrerande direktør i Husbanken. Han er tilsett i eit åremål på 6 år.

- Med Hjelle i førarsetet får Husbanken ein trygg og erfaren leiar som vil skape viktige resultat saman med dei tilsette, kommunane og andre samarbeidspartnarar, seiar kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Hjelle er i dag ekspedisjonssjef og leiar for avdeling for IT og forvaltningspolitikk i Kommunal- og distriktsdepartementet. Dette er ei stilling han har hatt sidan 2014. Han er utdanna statsvitar og har brei erfaring frå forvaltinga, mellom anna frå fleire departement og fylkeskommune.

- Bustadpolitikken blir berre meir og meir viktig i åra som kjem, og Husbanken spelar ei avgjerande rolle for at vi skal lukkast med å redusere forskjellane mellom folk og geografiske område. Det at regjeringa foreslår ei betydeleg auke på fleire av ordningane til Husbanken i revidert nasjonalbudsjett i dag, er eit døme på det, seiar Gjelsvik.

Husbanken sitt samfunnsoppdrag er å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og bidra til at vanskelegstilte kan skaffe seg og halde på ein eigna bustad. Dei forvaltar ei rekke økonomiske ordningar, utviklar digitale løysingar, og er fagleg støttespelar for mellom anna kommunane og frivillig sektor. Husbanken har òg ei viktig nasjonal kunnskapsrolle i bustadpolitikken og er fagleg rådgjevar for departementet.

Hjelle tar over etter Osmund Kaldheim som har vore direktør for Husbanken i 6 år.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00