Jannicke Hilland (1967, Bergen) har doktorgrad i industriell instrumentering frå Universitetet i Bergen (UiB). Hilland har brei erfaring frå mellom anna olje og gass, energi og telekom, med leiarerfaring frå store norske selskap som Hydro, Statoil, Eviny og Telenor.

– Eg har høge forventingar til arbeidet Entur gjer med å utvikle den digitale infrastrukturen, slik at det er enkelt å planleggje kollektivreiser og kjøpe billettar. Det gjeld også når passasjerane må byte mellom tog, buss, bane eller ferje. Jannicke Hilland har kompetanse og erfaring som gjer at ho er godt rusta til å leie styret og vidareutvikle Entur. Samstundes vil eg gi honnør til avtroppande styreleiar Karin Bing Orgland, som har vore viktig for utviklinga av selskapet dei siste ti åra, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Styrets samansetjing 

Etter generalforsamlinga består styret i Entur AS av desse medlemene:

  • Jannicke Hilland (f. 1967, Hordaland) (aksjonærvald)
  • Leif Harald Jensen (f. 1972, Rogaland) (aksjonærvald)
  • Sverre Gjessing (f. 1961, Hordaland) (aksjonærvald)
  • Audhild A. Randa (f. 1983, Oslo) (aksjonærvald)
  • Grethe Skundberg (f. 1965, Rogaland) (aksjonærvald)
  • Marianne Jøraandstad (tilsetterepresentant)
  • Kristin Voss (tilsetterepresentant)
  • Kenneth Wiik (tilsetterepresentant)

Om Entur AS

Entur er eit aksjeselskap eigd av Samferdselsdepartementet som skal levere sals- og billettløysingar for jernbanen. I tillegg skal Entur levere tenester som gjer det enkelt å planleggje, samanlikne og kjøpe saumlause reiser på tvers av alle kollektivtransportselskap i Noreg, på både buss, tog, ferje, t-bane og trikk.


For fleire opplysningar – sjå: