Nett-tv Jernbanetalen 2026

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Måndag 19. januar kl. 14.00.
Stad: Foajeen i 1. etasje hos Bane NOR i Schweigaardgate 33, Oslo.

Program 

Jernbanetalen 2026 er den tredje i rekkja. I talen vil samferdselsminister Nygård presentere regjeringas hovudprioriteringar og forventingar overfor leiarar, og setje retning for jernbanesektoren i 2026.

Etter talen blir det to panelsamtalar på i alt 40 minutt, med deltakarar frå verksemder og organisasjonar i jernbane- og kollektivsektoren. 

Panelsamtale 1: «No står det på dykk, kva gjer de no og vidare? Kva er det viktigaste du og dei andre i jernbanesektoren skal gjere for å levere på desse signala og forventningane?»

Panelsamtale 2: Panelsamtale 2: «Er dette nok for passasjerane? Kva skal til for å gjere kundane fornøgde?

Etter dei to panelsamtalane vil statsråden oppsummere kort. 

Heile programmet tar cirka ein time, før det er sette av tid til presse.  

Påmelding for presse

Journalistar som ønsker å delta på arrangementet eller intervjue samferdselsminister Nygård, må melde seg på via e-post innan måndag 19. januar kl. 10.00 til sdinfo@sd.dep.no.

Eventuelle spørsmål om arrangementet kan rettast til pressekontakt Edvard Andersen i Samferdselsdepartementet.

Strøyming

Jernbanetalen, dei to panelsamtalane og oppsummeringa til samferdselsministeren blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO), og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant.

DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider, finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.