Nett-tv i opptak
Jernbanetalen 2026
Nyheit | Dato: 14.01.2026 | Samferdselsdepartementet
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård heldt jernbanetalen for 2026 i Oslo måndag 19. januar. Etter talen var det panelsamtalar om oppfølging av styringssignala frå samferdselsministeren og om kva som skal til for å gjere kundane fornøgde.
Jernbanetalen 2026
Sjå sendinga her
Jernbanetalen 2026 er den tredje i rekkja. I talen la samferdselsminister Nygård fram regjeringas hovudprioriteringar og forventingar overfor leiarar i jernabnesektoren, og sette retning for sektoren i 2026.
Etter talen var det to panelsamtalar, med deltakarar frå verksemder og organisasjonar i jernbane- og kollektivsektoren:
Panelsamtale 1: «No står det på dykk, kva gjer de no og vidare? Kva er det viktigaste du og dei andre i jernbanesektoren skal gjere for å levere på desse signala og forventningane?» Med Konsernsjef Agnete Johnsgaard-Lewis i Bane i NOR, fungerende jernbanedirektør Marit Rønning i Jernbanedirektoratet og administrerende direktør Christel Borge i Entur.
Moderator: Marius Holm, konserndirektør for marked og kommunikasjon i Vy.
Panelsamtale 2: Panelsamtale 2: «Er dette nok for passasjerane? Kva skal til for å gjere kundane fornøgde? Med: Administrerende direktør Rikke Lind i SJ, konsernsjef Gro Bakstad i Vy, administrerende direktør Bernt Reitan Jenssen i Ruter og administrator Kristian Skjellum Aas fra Facebook-gruppa Togferie. Moderator: Ruth Høyland Jønsrud, kommunikasjonsdirektør i Jernbanedirektoratet.
Etter dei to panelsamtalane oppsummere Nygård kort.