– Eg har stor respekt for norske bønder. Dei gjer ein særs viktig jobb, og matproduksjonen er viktig i distrikta. Regjeringa var derfor innstilt på å strekke seg langt, - svært langt, både på inntektsramma og korleis pengane skulle fordelast i jordbruket, seier Jon Georg Dale.

Nett-tv Jordbruksoppgjøret 2017

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

God inntektsvekst i jordbruket

– Når andre grupper her i landet i årets lønnsoppgjer ligg an til ein lønnsauke på om lag 3 prosent frå 2017 til 2018, ville det vore urimeleg å innfri bondeorganisasjonane sitt krav på 9 prosents inntektsvekst, seier Dale. – Dette kjem på toppen av ein inntektsvekst i jordbruket på 18,1 prosent frå 2014 til 2017, medan andre grupper i same periode har hatt 7,1 prosent vekst. Bøndene sitt brot vil ikkje bli forstått av andre grupper i samfunnet som i vanskelege økonomiske tider har vist stor vilje til moderasjon, seier Jon Georg Dale. 

Inntektspotensiale opp mot 4,5 prosent

– Statens tilbod med ei ramme på 410 millionar kroner legg til rette for ein inntektsvekst i jordbruket på 2,25 prosent frå 2017 til 2018. Det gir til dømes inntektsmoglegheitar på ca 560.000 kroner for eit gardsbruk med 15 kyr, seier Dale. 

– Dagens overproduksjon av lam- og svinekjøtt gjer at jordbruket taper inntekter på 350 millioner kroner. Ein betre balanse i marknaden, noko som er jordbrukets ansvar, vil i tillegg gitt ein inntektsvekst på 2,2 prosent. Tilbodet staten no går til Stortinget med gir derfor inntektspotensiale for jordbruket på opp mot 4,5 prosent dersom jordbruket betrar marknadsbalansen, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Staten kom ikkje til semje med jordbruksorganisasjonane i årets jordbruksoppgjer.
Staten kom ikkje til semje med jordbruksorganisasjonane i årets jordbruksoppgjer. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Regjeringa innstilt på å kome jordbruket i møte

– Bondeorganisasjonane har vore svært kritiske til fleire av våre forslag til endringar, og Regjeringa var innstilt på å kome dei i møte på mange punkt, seier Dale. – I løpet av forhandlingane har staten vore viljug til å auke inntektsramma for jordbruket slik at ein også utan å hensynta marknadsituasjonen ville fått betre inntekstmoglegheit enn andre grupper. Det er vanskeleg å forstå at Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag no seier nei til ei løysing som er vesentleg betre enn det Bondelaget inngjekk  avtale på både i 2015 og 2016 seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.   

Små og store gardsbruk i heile landet

Landbruks- og matministeren strekar under at Regjeringa har følgt opp Stortinget sine føringar for jordbrukspolitikken både med omsyn til inntekt og innretning.  

– I samsvar med Stortingets behandling av jordbruksmeldinga legg staten i sitt tilbod vekt på å styrke grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga (arbeidsdeling mellom landsdelane) og gi rom for både små og store gardsbruk i heile landet, seier Dale. 

– Dette er gjort ved å stimulere bruken av utmarksressursane, betre insentiva til kornproduksjon på areal som høver til dette, styrke distrikts- og strukturtilskota til grasbasert husdyrhald, og redusere støtten til grasbasert husdyrhald i kornområda. Staten prioriterer i sitt tilbod å styrke moglegheitene for vestlandsbøndene, og legg opp til ei klar forbetring av inntektsmoglegheitene i produksjon av korn, frukt og grønnsaker, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.