Fem personar smiler held fram tre signerte avtalar.
Foto: Martine Røiseland, KLD

Prosjekta kan gi opptil 8,78 millionar tonn utsleppsreduksjonar over ti år. Dette er kvoter Noreg kan kjøpe.

– Dette viser at samarbeid under Parisavtalen verkar. Avtalen gir meir både meir fornybar kraft og nye arbeidsplassar i Marokko, samtidig som han gir utsleppsreduksjonar som elles ikkje ville blitt realisert, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Sjølv om Marokko har gode føresetnader for sol- og vindkraft, er det i dag mange fornybarprosjekt som ikkje blir bygt ut fordi dei ikkje er lønsame nok. Gjennom programmet vil norsk finansiering fungere som ein subsidie til prosjekt som kvalifiserer for det, slik at dei blir lønsame og utbygde.

Frå norsk side er det viktig at programmet som blir utvikla held ein miljømessig kvalitet som er tråd med føringane i Parisavtalens regelverk. Programmet har strenge krav til overvaking, verifisering og rapportering og er utforma innanfor rammene av norsk Vest-Sahara politikk.

Kvotekjøpsavtalen bygger på samarbeidsavtalen som Klima- og miljødepartementet og Marokkos departement for energiomstilling og berekraft signerte i mai. Avtalen er inngått under Parisavtalens artikkel 6, som opnar for at land kan samarbeide om å kutte utslepp. Noreg betaler først for utsleppskutta når desse er gjennomførte, verifiserte og leverte. Utsleppskuttene skal i tråd med regelverket under Parisavtalen, berre bli tald éin gong.

Her kan du lese meir om arbeidet med klimakvotar.