Presseinvitasjon:
Klima- og miljøministeren og landbruks- og matministeren til Lom og Skjåk
Nyheit | Dato: 01.06.2026 | Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Kulturminne frå bresmelting og forskingsprosjekt for jerv står på programmet når klima- og miljøministeren og landbruks- og matministeren vitjar Lom og Skjåk i neste veke.
Isbrear og snøfonner har teke vare på spor etter menneske frå fleire tusen år tilbake, men som følgje av raske klimaendringar smeltar no eit stort tal gjenstandar fram frå isen. Innlandet fylkeskommune, Kulturhistorisk museum, Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 jobbar med eit program for å sikre dei arkeologiske funna som dukkar opp når isen trekkjer seg attende.
Tysdag 9. juni kjem klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen på besøk til Klimapark 2469 og Norsk fjellsenter for å lære meir om arbeidet dei gjer.
– Konsekvensane av klimaendringane med smeltande isbrear er alvorlege, også for Noregs kulturarv. Det norske sikringsprogrammet har i mange år arbeidd med å finne og ta vare på heilt eksepsjonelle, årtusen gamle funn frå norsk historie. Eg ser fram til å lære meir om dette arbeidet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Under besøket skal klima- og miljøministeren og landbruks- og matministeren også til Skjåk for å møte lokale innbyggjarar, organisasjonar og folkevalde i samband med eit nytt forskingsprosjekt for jerv. Prosjektet skal undersøkje korleis jerven påverkar sau på utmarksbeite i Nord-Gudbrandsdalen. Målet er å få betre kunnskap om rolla til jerven i tap av sau, og å utvikle tiltak som kan redusere desse tapa.
– Eg håpar prosjektet vi nå set i gang vil føre til meir målretta tiltak som både tek vare på beitenæringa, og samstundes sikrar god forvaltning av jerven, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Prosjektet blir leia av Norsk institutt for naturforsking (NINA), i samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Skjåk kommune og beitebrukarar i Nord-Gudbrandsdalen.
Presse er velkomne til å delta på turen. For presseførespurnader, kontakt pressekontakt Katinka Vaag Prestøy på tlf. 91153671 eller katinka-vaag.prestoy@kld.dep.no.