Vil redusere klimagassutslepp frå offentlege byggjeplassar

Regjeringa vurderer å lovfeste krav i offentlege anbod om at ein viss del av maskinar og anna utstyr på kommunale og statlege byggje- og anleggsplassar skal vere utsleppsfrie.

- Klimagassutsleppa frå norsk bygg- og anleggssektor er store, og bransjen må omstille seg for å klare raskare utsleppskutt. Nå vil vi vurdere å lovfeste krav om at ein viss del av anleggsmaskinane og anna utstyr skal vere utan utslepp, slik at omstillinga kan gå fortare. Resultatet vil bli betre klima, reinare luft og mindre støy seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Det er særleg drivstoff til maskinar og oppvarming som skapar klimagassutslepp på byggje- og anleggsplassar.

Maskinar og oppvarming på byggje- og anleggsplassar har hatt eit årleg klimagassutslepp på om lag 620 000-980 000 tonn CO2 i perioden 2018-2023. Det svarar til om lag 1-2 prosent av Noreg sine totale klimagassutslepp, eller like mykje som dei årlege utsleppa frå 690 000-1 090 000 bensinbilar.

Miljødirektoratet og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har no sett på  korleis eit lovfesta minimumskrav om nullutslepp på offentlege byggeplassar kan sjå ut. Rapporten er lagd på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

Direktorata foreslår at krava til nullutslepp på byggjeplassane skal vere relativt lave i starten, men at dei så vert trappa opp i åra som kjem. Direktorata opnar opp for unntaksreglar der det vil vere særleg dyrt eller krevjande å skulle følgje dei foreslåtte krava.

- Utsleppsfrie anleggsplassar ligg an til å kunne bli fullt ut konkurransedyktige mot fossile i løpet av dei neste åra dersom vi held fram med å satse på elektrifisering, seier Bjelland Eriksen.

Klima- og miljødepartementet skal no behandle forslaget frå Miljødirektoratet og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

Forslaget vil bli lagt ut på høyring før det eventuelt blir innført.

Du kan lese meir om saken her.