Sveinung Rotevatn sitt innlegg om Klimaplan 2021- 2030

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn sitt innlegg under presentasjonen av Klimaplan for 2021- 2030.

Sjekkast mot framføring

Klimagassutsleppa i Noreg går jamnt nedover under denne regjeringa, og er no på sitt lågaste nivå på 27 år. Men det går ikkje raskt nok til å nå klimamålet under Parisavtalen.

Målet er 50-55 prosent utsleppskutt. Det neste tiåret skal vi omstille Noreg, og førebu oss på at vi skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk.

Dette er den første heilskaplege klimaplanen for ein tiårsperiode. Planen gjeld for alle utsleppa i Noreg: Den gjeld dei ikkje-kvotepliktige utsleppa, slik som utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfall. Den gjeld dei kvotepliktige utsleppa frå industri, petroleum og luftfart. Og den gjeld opptak og utslepp av CO2 frå skog og andre areal.

 Samarbeid med EU

Eit viktig grunnlag for norsk klimapolitikk, og for klimaplanen, er at vi er ein del av verdas mest ambisiøse klimasamarbeid: Klimasamarbeidet i EU. Det fungerer. I 2019 gjekk utsleppa i EU ned med 3,7 prosent. Det er på desimalen det same som dei norske utsleppa gjekk ned i same periode. Den vesentlege grunnen til nedgangen i EU er kvotesystemet. I kvotepliktig sektor i EU gjekk utsleppa ned med 9,1 prosent. Det tilsvarer tre gonger dei samla norske utsleppa. Noreg er ein del av dette kvotesystemet. Når ein norsk aluminiumsprodusent kjøper ei kvote, er det éi mindre kvote i markedet. Det tvingar fram utsleppskutt.

Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i EU stod derimot på staden kvil i 2019. I Noreg gjekk dei ned i same periode. Og det er særleg i ikkje-kvotepliktig sektor det vil vere behov for kraftfulle nasjonale tiltak også i åra framover.

Samarbeidet med EU opnar rett nok for bruk av fleksible mekanismar. Det er mogleg å innfri våre plikter gjennom å betale for utsleppskutt i andre europeiske land.

Men det har vi ikkje tenkt å gjere. Vi skal omstille Noreg, ikkje berre betale andre for å omstille seg. Difor skal vi kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa her heime. Og vi skal kutte meir enn vi har forplikta oss til. Planen har konkret politikk for å kutte dei norske ikkje-kvotepliktige utsleppa med meir enn 45 prosent.

I tillegg legg planen opp til å auke opptaket i skogen og redusere utsleppa frå arealbruk. God politikk for skog og grøne område er ikkje berre avgjerande for klimaet, men også for naturmangfald, næringar, friluftsliv og mange andre samfunnsgode.

Forsterka mål

Eg er glad for at EU før jul forsterka sitt klimamål. Det vil truleg føre til at kvotesystemet vil bli stramma inn meir enn i dag, slik at kvotemengda og dermed utsleppa går ytterlegare ned.

I planen legg vi fram ei rekkje nye grep som vil gi kutt i dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Vi vil auke CO2 -avgifta, men òg nytte andre verkemiddel som vil støtte opp under omstillinga i transporten, i jordbruket og på andre område.

For at vi skal innfri forpliktinga vår for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa, må dei gjennom perioden vere 8,4 millionar tonn CO2lågare enn framskrivinga tilseier. Med denne planen har vi berekna at utsleppa vil vere heile 20 millionar tonn lågare. Vi legg opp til større kutt enn vi treng fordi det alltid vil vere uvisse om korleis utsleppa utviklar seg, kva effekten av klimapolitikken vil vere og korleis utviklinga av ulik teknologi blir.

Auka avgift

Denne regjeringa har gradvis trappa opp CO2-avgifta. Det gjer det dyrare å forureine og lønsamt å kutte eigne utslepp. Når næringsdrivande og teknologiutviklarar ser at det vil bli dyrare å sleppe ut CO2 framover, investerer dei i klimavenleg teknologi i dag. Bestiller ein hydrogenlastebil i staden for ein som går på diesel. Sikrar fornybar straum som energikjelde til fabrikken sin i staden for fossile løysingar. I dag er CO2-avgifta på 590 kroner tonnet. I klimaplanen legg vi opp til å trappe avgifta opp til heile 2000 kroner tonnet fram mot 2030. Vinnarane er dei som vil ta ein sjanse og investere i ny, klimavenleg teknologi. Dei skal vite at dei har regjeringa i ryggen. Og dei skal ha føreseielege rammevilkår i åra framover.

Omstillinga skal vere grøn og rettferdig. Dette er ikkje ein plan for skatteauke, men for eit grønt skatteskifte.  Ein avgiftsauke skal bli motsvart av tilsvarande skatte- eller avgiftslettar, primært for dei gruppene som blir omfatta av auka avgifter.

Krav i offentlege innkjøp

Samstundes som høgare avgifter på klimagassar vil virke på tvers av sektorar, vil regjeringa ta i bruk andre positive verkemiddel for å stimulere til grøn omstilling. Vi vil stille ei rekke krav om null- og lågutslepp i offentlege innkjøp framover. For offentleg kjøp av personbilar og mindre varebilar gjeld dette frå 2022, for ferjer i 2023 og for hurtigbåtar og bybussar i 2025. Vi varslar også krav til bruk av klimavenleg teknologi innanfor havbruksnæringa, og for supplyskip i offshore-næringa.

Vi skal fortsette å arbeide for å få fleire elbilar, elektriske varebilar og tungtransport med nullutslepp ut på vegane. Målet om at alle nye bilar som blir seld i 2025 skal vere utan utslepp, ligg fast.

Biodrivstoff

Uansett vil det i lang tid framover vere eldre fossilbilar på norske vegar. Dei må forureine minst mogeleg. Difor skal vi  bruke berekraftig biodrivstoff. I dag har vi eit omsetningskrav for biodrivstoff i vegtrafikken. Etter kvart som andelen elbilar går opp, vil det følgjeleg bli brukt mindre flytande drivstoff – og effekten av omsettingskravet blir mindre. Vi vil behalde dagens volum på biodrivstoff ved å gradvis auke omsettingskravet.

I tillegg sikter vi på å innføre omsetningskrav for biodrivstoff i anleggsdiesel og auke det til same nivå som vegtrafikken. Vi tar sikte på å innføre omsettingskrav i skipsfart frå 2022.

Fleire sektorar

Transport er viktig, men vi skal òg kutte utsleppa i andre sektorar. Regjeringa har ein avtale med jordbruksorganisasjonane om å kutte utsleppa frå jordbruket. Vi har som mål at den delen av industrien som ikkje er med i kvotesystemet gradvis skal fase ut bruken av fossil energi, noko mellom anna ei høgare CO2-avgift vil bidra til. Og vi skal bli betre til å gjenvinne fluorhaldige gassar som blir brukte mellom anna i kjøleskap og kjøleanlegg.

Vi spissar Enova som klimaverkemiddel, for å få enda større fart på den grøne omstillinga.

Vi skal arbeide for meir forsking og innovasjon.

Klimaplanen skal ikkje berre sørge for at vi følgjer opp avtalen med EU. Noreg har forsterka klimamålet for 2030 og no har EU gjort det same. Difor planlegg vi no ikkje berre å kutte norske ikkje-kvotepliktige utslepp med 45 prosent, meir enn forpliktinga med EU. Vi trappar òg opp politikken for å kutte dei kvotepliktige utsleppa og utsleppa frå nedbygging av skog, myr og andre grøne areal – og for å auke karbonopptaket frå skogen.

Jamleg oppdatering

Det vil alltid vere uvisse om korleis utsleppa utviklar seg; kva effekten av klimapolitikken vil vere, korleis utviklinga av ulik teknologi blir og kor mykje utsleppskutta vil koste. Difor tek regjeringa høgde for å justere politikken undervegs om det trengs. Kvart år vil vi gjere greie for korleis vi ligg an med planen og klimamålet.

Regjeringa vil leggje fram klimameldingar jamleg framover. Den neste kjem i i 2024.

Vi må heile tida justere virkemidla når vi ser korleis dei slår ut.

Arbeidet med å redusere utsleppa er ikkje ferdig med dette. Men denne klimaplanen er et historisk taktskifte og startskotet for ein periode med endå meir offensiv klimapolitikk i Noreg.