–Ein trygg bustadsituasjon er grunnlaget for eit godt liv. Regjeringa ønsker ein bustadpolitikk som gjer det enklare å kome inn på bustadmarknaden. Vi har høge ambisjonar for bustadpolitikken og då må vi ha byggenæringa og kommunesektoren med på laget, seier Skjæran.

Byggenæringa og kommunesektoren har tidlegare kome med mange gode innspel til regjeringa sitt arbeid med å få fart på bustadbygginga. No vil statsråden høyre kva næringa og kommunane er opptatt av i det vidare arbeidet for å nå målet og for å sikre ein god bustadpolitikk framover.

Media er invitert til å bli med på møtet. 

Tid: Fredag 21. november, kl 08:30-10:00.

Stad: Akersgata 59, 0032 Oslo

Presse som vil vere til stades, må melde seg på til presse@kdd.dep.no innan fredag 21. november kl. 08.00. Ta med pressekort og gyldig ID

Deltakar:

NHO Byggenæringen

KS

Fellesforbundet

Virke

Boligprodusentene

NBBL

OBOS

Huseierne

Eiendom Norge

Norsk Eiendom

Norges Eiendomsmeglerforbund

Byggmesterforbundet

Norske Arkitekters Landsforbund

Arkitektbedriftene