Historisk arkiv

Konvensjon om vern mot seksuelt misbruk trer i kraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

1. oktober trer Europarådets konvensjon om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk i kraft. Konvensjonen vart ratifisert av Noreg 15. mai i år.

Lanzarotekonvensjonen sitt føremål er førebygge og kjempe mot alle former for seksuell utnytting og seksuelt misbruk av barn. Konvensjonen skal også verne rettane til barn som er utsette for slike overgrep og å fremje nasjonalt og internasjonalt samarbeid mot dette. Konvensjonen inneheld eit bredt spekter av førebyggande tiltak og hjelpe- og støttetiltak for valdsutsette og tiltak overfor seksuallovbrytarar.

- Dette er ei viktig sak der Noreg forpliktar seg til å jobbe aktivt for å verne barn frå seksuell vald og overgrep. Noreg har allereie dei naudsynte lovene, men vi kan ikkje kvile. Vårt mål er at ingen barn skal oppleve seksuelle overgrep, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.