Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren, helseministeren og arbeidsministeren onsdag 13. januar

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland, helse- og omsorgsminister Bent Høie og arbeids- og sosialminister Henrik Asheim inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen i dag klokka 1500. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, vil også vere til stades.

 

Nett-tv Pressekonferanse med justisministeren, helseministeren og arbeidsministeren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Pressekonferansen overførast direkte på regjeringa.no.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.

Oppmøtetid: Klokka 14.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Presse som ikkje har anledning til å møte opp kan sende inn spørsmål til JDinfo@jd.dep.no med teksten PK 1301 i emnefeltet.

Spørsmål må vere oss i hende seinast klokka 15.15. Avsenderadressa må være registrert hos eit mediehus eller det må oppgis frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte i pressekonferansen.

Pressekontaktar

For justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Raheela Chaudhry, 918 83 568.

For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Nina Husom, 913 95 608.

For arbeids- og sosialministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Håvard Kleppa, 906 77 620. 

Om sendinga

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastas ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette nås på telefon 22248845 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/xbpcnkps/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.