Presseinvitasjon:

Kunnskapsministeren tek imot ein evalueringsrapport om seksårsreforma

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

No er det gått 25 år sidan seksåringane byrja i skulen. Korleis er skuledagen for dei yngste, og blir dei ivaretekne slik seksårsreforma la opp til? Tysdag 13. desember får kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ein delrapport om dette.

Nett-tv Kunnskapsministeren tek imot ein evalueringsrapport om seksårsreforma

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

 

Tid: Tysdag 13. desember, kl. 09.00 – 10.00.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.

Seksårsreforma vart innført i 1997, og senka alderen for skulestart frå sju til seks år. Ein viktig intensjon med reforma var at det fyrste året skulle ha eit klart førskulepreg. Leiken skulle ha ein sentral plass i skuledagen for 1. til 4. trinn.

Evalueringa har vore ønska av Stortinget. Det er forskarar frå OsloMet som arbeider med evalueringa. No er dei klare med ein fyrste delrapport. Evalueringa blir ferdig i 2024. 

Partar frå skuleorganisasjonane og KS vil vere til stades. Stortingsrepresentantane i utdannings- og forskingskomiteen er også invitert.

Program

09.00 – 09.05: Velkommen

09.05 – 09.25: Forskarane presenterer funna

09.25 – 09.35: Statsråden kommenterer

09.35 – 09.45: Kommentarar frå KS og Utdanningsforbundet  

09.45 – 10.15: Pressetid og moglegheit for separate intervju.

Pressekonferansen vil bli strøyma på regjeringa.no.

Journalistar bør melde seg på dagen før, og møte opp før kl. 08.50. Hugs gyldig ID. Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgivar Hong Pham (hong.pham@kd.dep.no, tlf. 911 35 990).