– Når kyststatane no er einige om kvotar i tråd med forvaltningsplanen og dei vitskaplege råda, gir det eit godt grunnlag for ei berekraftig forvaltning og for vidare arbeid med å få på plass heilskaplege avtalar om fordeling av bestandane, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Det er avtalt ein totalkvote på kolmule på 1 064 191 tonn i 2027, og for norsk vårgytande sild er det lagt til grunn ein totalkvote på 588 004 tonn for 2027, begge i samsvar med forvaltningsplanen som kyststatane har blitt einige om.

Kyststatane er også einige om å fortsette arbeidet med heilskaplege kyststatsavtalar om fordeling av bestandane, for å sikre ei langsiktig og berekraftig forvaltning.

Det er Noreg, EU, Storbritannia, Færøyane og Island som er kyststatar til kolmule, medan kyststatane til norsk vårgytande sild er Noreg, Russland, Storbritannia, Færøyane og Island.

Dei endelege kvotane for norske fiskarar for 2027 vil bli fastsette når reguleringane er vedtekne og dei endelege tala for kvotebytte og gjennomført fiske ligg føre.