Lansering av ABC-kampanjen for god psykisk helse

Frå i dag av blir den nasjonale ABC-kampanjen rulla ut, med mål om å styrke befolkninga si psykiske helsekompetanse gjennom tre enkle grep: Gjer noko aktivt, gjer noko saman, og gjer noko meiningsfylt.

– Desse råda veit vi vil hjelpe mange som allereie har ulike psykiske plagar, og ikkje minst kan dei også verke beskyttande for å utvikle slike plager. Psykisk folkehelse er ei av dei store helseutfordringane i samfunnet, og eg gler meg derfor til å følge denne kampanjen vidare og sjå kva resultat den greier å oppnå, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Kampanjen er ei oppfølging av Opptrappingsplanen for psykisk helse og har som mål å auke befolkninga si kompetanse om psykisk helse. Opptrappingsplanen inneber ei styrking på tre milliardar kroner over ti år og betyr også ein forsterka innsats innan lågterskel psykisk helsetilbod, sikring av tilstrekkeleg døgnplassar og kortare ventetider innan psykisk helse.  

Kampanjen fokuserer på helsefremjande og førebyggande tiltak, og har som mål å nå ut til heile befolkninga, inkludert minoritetar, studentar og eldre, for å skape eit meir robust samfunn.

Helsefremjande tiltak

ABC-kampanjen byggjer på tre enkle prinsipp: Gjer noko aktivt, gjer noko saman, og gjer noko meiningsfylt.

Desse prinsippa er utforma for å vere lett tilgjengelege og anvendelege i kvardagen.

– Vi kan ikkje behandle oss ut av auka i psykiske plager. Vi må førebygge. ABC-kampanjen skal bidra til at folk kan styrke si eiga psykiske helse og samtidig støtte andre i å gjere det same, seier Vestre.

Lokalt engasjement

For å sikre brei forankring, vil kampanjen bli implementert i kvart fylke, med Trøndelag fylkeskommune som modell.

Helsedirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ei tilskotsordning som fylkeskommunane kan søke på.

– Vi inviterer frivillige organisasjonar til å delta i denne folkerørsla, og bidra med aktivitetar som fremjar fellesskap og meining, seier Vestre.

Nasjonal utrulling

Helsedirektoratet vil stå for den nasjonal utrullinga av informasjonstiltak som støttar implementeringa av kampanjen på fylkesnivå.

Kampanjen skal ikkje berre auke kunnskapen, men også føre til konkrete endringar i korleis vi ivaretar vår psykiske helse.

– Dette er som førstehjelpskunnskap; vi må sikre at flest mogleg kjenner til råda og aktivt integrerer dei i kvardagen. Regjeringa ser fram til å lansere ABC-kampanjen og håper den vil bidra til eit rausare og meir robust samfunn der vi saman står sterkare, fortel Vestre.