Personar står kvitkledde inne på eit meieri der dei lagar ost
Kursdeltakarane fekk vera med gjennom alle trinna i geitostproduksjon og produksjon av yoghurt basert på geitemjølk. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen / Nofima

– Me veit, etter lang erfaring med lokalmatprodusentar, at den beste læringa oppstår når produsentane i praksis får «kjenna med fingrane» og samtidig knyter det praktiske opp mot teori og fagleg forklaring. Heilt i tråd med dette kurset, seier rådgjevar Cecilia Midtsund Kippe i Nofima.

Dei fem lokalmatprodusentane har lært å ysta ein ost som er inspirert av den spanske ostetypen manchego. Dei har også lært å laga yoghurt.

Gjennom prosjektet GoatMilkSSC har ein forska på celletypane som finst i geitemjølk og korleis dei påverkar både kvaliteten på mjølka og produkt laga av geitemjølk. Høgt celletal kan gje dårlegare kvalitet, men det ser ikkje ut til å påverka smaken på den manchego-inspirerte osten.

– Me tenker oss at dette produktet passar godt for mindre produsentar av geitemjølk og geitemjølkeprodukt. I Matpiloten får kursdeltakarane tilgang til alt av utstyr, og dei får tips til utstyr som kan passa i produksjonen deira, seier professor Siv Skeie ved NMBU, som også leier forskingsprosjektet.

Nofima er ansvarleg for nettverket, som sørgjer for at lokalmatprodusentar kan få tilbod om hjelp til å lukkast med vidareutvikling og verdiskaping.

Matpiloten er den største forskingsfabrikken for mat og matproduksjon i Noreg. På sjølve anlegget på Ås er det mellom anna bryggjeri, kjøthall, fiskehall, bakeri og frukt- og grønsakshall.