Dette er tilsvarande med rettane som allereie er gjevne til unge vaksne frå 19 til 24 år.

Målet med endringa er å ytterlegare styrke det førebyggande arbeidet, fremje gode tannhelsevanar og redusere sosiale skilnader i tannhelsetilbodet.

– Mange unge vaksne droppar tannlegebesøk fordi det er for dyrt. Det kan vere ei økonomisk barriere i ein sårbar etableringsfase. No tar vi eit viktig steg mot meir likeverdig tannhelsehjelp, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Stortinget har løyvd 420 millionar kroner til fylkeskommunane for å dekke utvidinga av rettar.