Historisk arkiv

Statsbudsjett 2019:

Mangfald og integrering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve til saman 20 millionar kroner til tiltak og prosjekt på kulturfeltet som skal stimulere til mangfald, integrering og motverke fattigdom.

Satsinga er del av regjeringa sitt integreringsløft,  og har som mål å medverke til at fleire får ta del i gode kulturopplevingar. Satsinga er fordelt på ei rekkje institusjonar og aktørar som har søkt om støtte til å gjennomføre integreringstiltak.

– Noreg skal vere eit land der det ikkje er bakgrunnen din som avgjer om du får til det du vil. Kulturlivet og sivilsamfunnet er viktige arenaer for kvardagsintegrering. Vi skal leggje til rette for fellesskap skipa på mangfald, likestilling, ytringsfridom og toleranse, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Med denne satsinga ønskjer regjeringa å nå  grupper i samfunnet som er underrepresenterte både som aktørar i kulturlivet og som brukarar av kulturtilbod.

– Mange kulturinstitusjonar jobbar med tiltak som på sikt kan bidra til å motverke skilnader og byggje ned barrierar. Eg vil styrkje arbeidet ved kulturinstitusjonar som vil gjennomføre tiltak for å auke det kulturelle mangfaldet og få nye grupper inn som kulturbrukarar, seier kulturministeren.

– Kunst og kultur er med på å danne, forme og styrkje fellesskapen og samfunnsstrukturen rundt oss. Vegen til deltaking i utdanning og arbeidsliv går ofte gjennom deltaking i frivillig verksemd og opplevingar av felles kulturaktivitetar i lokalmiljøet. Dermed er det viktig for samfunnet at dette er arenaer der flest mogeleg kjenner seg heime, seier kulturministeren.

Forslag til fordeling på tiltak retta mot mangfald og inkludering

  • Norsk kulturfond – 2 mill. kroner til vidareføring og styrking av aspirantordninga
  • Det Norske Teatret – kr 500 000 til Groruddalsprosjektet
  • Oslo-Filharmonien – kr 500 000 til prosjektet OFO på hjul
  • Dansens hus – kr 500 000 til POW – eit frirom for flyktningar
  • Brageteatret – 1,5 mill. kroner til publikumsutvikling retta mot barn og ungdom
  • Hålogaland Teater – kr 500 000 til vidareføring av demokratiprosjektet Globus
  • Kilden Teater- og Konserthus 1,5 mill. kroner til å vidareutvikle Kilden Dialog
  • Teater Innlandet – kr 850 000 til prosjektet Publikum i fokus
  • Opera Nordfjord – kr 400 000 til Fargespill Nordfjord
  • Nordic Black Theatre – kr 200 000 til vidareutvikling av prosjektet Slipp Botsen fri
  • Scene Finnmark – kr 150 000 til fribillettar til innvandrarar og vanskelegstilte
  • Dissimilis kultur- og kompetansesenter (Dkk) – kr 800 000 til å vidareutvikle sitt regionale kultur- og aktivitetstilbod og til nasjonal kompetanseheving innanfor tilrettelagde kulturaktivitetar
  • Melahuset – 1,2 mill. kroner til å utvide satsinga mot ungdom og familier i sørlege og austlege bydelar i Oslo
  • Balansekunst – 1,5 mill. kroner til arbeidet for eit meir likestilt og mangfaldig kunst- og kulturliv ved å utvikle kurs retta mot kulturfeltet (institusjonar, organisasjonar) og ei merkeordning for samfunnsbevisste kulturaktørar.
  • Norsk Teknisk museum – 1 mill. kroner til for å betre tilbodet til folk aust i Oslo
  • Østfoldmuseene – 1 mill. kroner til styrking av museet si samfunnsrolle og arbeidet for å motverke utanforskap og betre integreringa.
  • Stiklestad Nasjonale Kultursenter – 1 mill. kroner til Talerstolen Stiklestad
  • Norsk bergverksmuseum – kr 800 000 til ei traineeordning
  • Oslo museum – 1 mill. kroner til vidareføring av internasjonal kulturkafé
  • Nord-Troms museum – kr 100 000 til å utvikle og styrkje museet som integreringsarena.
  • Bymuseet i Bergen – kr 500 000 til å vidareutvikle og styrkje museet si samfunnsrolle som mangfaldig møteplass og arena for integrering.
  • Litteraturhuset i Oslo - kr 500 000 til Saladindagane
  • Muslimsk Dialognettverk – kr 500 000 til å vidareutvikle dialognettverket, slik at dei kan vere ein endå tydelegare aktør på feltet.
  • Flerkulturelt kirkelig nettverk tilknytt Norges Kristne Råd – kr 500 000 til å styrkje kyrkjene sitt fleirkulturelle arbeid lokalt og nasjonalt.
  • Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn – 1 mill. kroner til å styrkje STLs kurstilbod, i samarbeid med lokale samarbeidsråd, for ytterlegare å styrkje kunnskapen hos religiøse leiarar og deira høve til å bidra i det norske samfunnet.