Meir pengar og permanent ordning for auka deltaking
Pressemelding | Nr: 17/25 | Dato: 09.05.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa tildeler 150 millionar kroner til idrettslag i område som har mange barn frå familiar med låg inntekt. Det er 20 millionar kroner meir enn i same runde i fjor, og målet er å få deltakinga opp og prisane ned.
– Å delta i idretten handlar om mykje meir enn fysisk aktivitet. Det handlar om venskap, meistring og om å høyre til. Vi vil at så mange som mogleg skal kunne bli med i desse fellesskapa, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Pengane skal brukast til å hindre at barn og unge fell utanfor fordi familiane ikkje har råd til kontingent eller utstyr. Dei siste to åra har regjeringa i fem rundar brukt over 600 millionar kroner på denne ekstrainnsatsen, frå spelemidlane og over statsbudsjettet. No gjer regjeringa ordninga frå spelemidlane permanent.
– Vi gjer dette fordi vi veit at det verkar. Dei siste to åra har vi besøkt mange lag og foreiningar som har gjort god bruk av pengane, og vi ser at det gjer ein forskjell. Idretten er den største fritidsarenaen for barn og unge, og det er viktig at den er tilgjengeleg også for dei som har foreldre med dårleg råd, seier kultur- og likestillingsministeren.
140 millionar kroner blir fordelt via Norges idrettsforbund (NIF) til idrettsråda i kommunar med minst 200 barn i familiar med låginntekt. Fordelinga er rekna ut frå SSBs statistikk. 10 millionar kroner blir fordelt via NIF til idrettskretsane ut frå talet på barn i låginntektsfamiliar i dei kommunane som fell utanfor fordelinga. Det er opp til idrettsråda og kretsane å velje metode for fordeling.
Fordeling til dei 20 kommunane som får mest frå hovudpotten:
Kommune |
Beløp 2025 |
Beløp 2024 |
Auke |
---|---|---|---|
Oslo |
33 452 250 |
30 354 182 |
3 098 068 |
Bergen |
6 713 613 |
5 891 585 |
822 028 |
Fredrikstad |
6 623 687 |
5 538 833 |
1 084 854 |
Drammen |
5 279 673 |
4 527 786 |
751 887 |
Sarpsborg |
4 976 789 |
3 904 525 |
1 072 264 |
Kristiansand |
4 623 824 |
3 991 673 |
632 151 |
Skien |
4 230 479 |
3 368 282 |
862 197 |
Sandefjord |
3 271 778 |
2 678 974 |
592 804 |
Stavanger |
3 240 422 |
2 898 169 |
342 253 |
Trondheim |
2 882 433 |
2 330 465 |
551 968 |
Ullensaker |
2 471 228 |
1 964 581 |
506 647 |
Moss |
2 408 800 |
2 153 647 |
255 153 |
Arendal |
2 321 393 |
2 023 367 |
298 026 |
Lillestrøm |
2 316 794 |
2 055 807 |
260 987 |
Indre Østfold |
2 102 121 |
1 619 479 |
482 642 |
Larvik |
1 836 641 |
1 464 409 |
372 232 |
Tønsberg |
1 585 650 |
1 291 858 |
293 792 |
Sandnes |
1 537 884 |
1 404 974 |
132 910 |
Porsgrunn |
1 537 884 |
1 282 145 |
255 739 |
Halden |
1 482 983 |
1 386 963 |
96 020 |