Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Meir pengar til IKT-forsking, omstilling i næringslivet og kvalitet i høgare utdanning

– For femte året på rad brukar vi meir enn 1 % av brutto nasjonalprodukt på forsking. Eg er svært nøgd med at regjeringa oppfyller måla vi har sett oss, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å sette av 38,9 milliardar kroner til forsking og utvikling.

– Noreg må gjennom store endringar for å sikre vår felles velferd i framtida. Derfor investerer regjeringa tungt i utdanning og kompetanse, forsking og teknologiutvikling for eit grønare, meir moderne og tryggare Noreg, seier Nybø.

Dei 38,9 milliardane til forsking og utvikling (FoU) som regjeringa foreslår å løyve over statsbudsjettet i 2020, utgjer 1,03 prosent av anslått BNP for 2020. Dersom ein reknar med Skattefunn-ordninga, er FoU på 43,2 milliardar kroner og utgjer dermed 1,14 prosent av BNP.

Sidan denne regjeringa tiltredde har vi auka FoU-løyvingane over statsbudsjettet med 12,5 milliardar kroner, inkludert forslaget til statsbudsjett for 2020, seier Nybø.

585 millionar til opptrappingsplanar og prioriteringar for forsking og høgare utdanning

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å følge opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med til saman 585 millionar kroner i auka løyvingar. Av dette går 315 millionar kroner til dei tre opptrappingsplanane Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning.

Blant dei største satsingane innanfor Teknologiløftet er forslaget om 43 millionar kroner meir til grunnleggande IKT-forsking og 131 millionar til vidare utvikling av helseanalyseplattforma.

– Satsinga på IKT-forsking legg til rette for banebrytande funn/forsking som vi i dag ikkje ser konsekvensane av, men som på sikt kan ha stort potensial for verdiskaping. No kan vi bygge fagmiljø som kan utdanne fleire kandidatar med IKT-kompetanse til akademia, næringslivet og offentleg sektor, seier Nybø.

Tiltaka som inngår i oppfølginga av opptrappingsplanane i 2020 (millionar kroner):

FoU for fornying og omstilling i næringslivet

 

KD: Nærings-ph.d, studententreprenørskap og utvikling av studietilbod i samarbeid med næringslivet

20

LMD: Klimatilpassa og lønsam matproduksjon

15

NFD: Basisløyvingar til dei teknisk-industrielle institutta

20

NFD: Forskingsprosjekt for næringslivet

10

 

 

Kvalitet i høgare utdanning

 

KD: Kvalitetsprogram i Diku

55

 

 

Teknologiløft

 

HOD: Helseanalyseplattforma

131

JD: Forsking på IKT-tryggleik og effektar av teknologiutvikling

12,5

KD: Grunnleggande IKT-forsking

43

KD: Studieplassar teknologi/grønt skifte

3,2

KLD: Forsking for omstilling til lågutsleppsamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing

35

NFD: Infrastruktur for havovervaking med vekt på algeoppblomstring

10

SD: Samferdselsteknologi

30

 

Samla vekst til opptrappingsplanane 2019-2020 (millionar kroner):

 

2019

2020

Totalt

Kvalitet i høgare utdanning

85

55

140

FoU i næringslivet

135,9

62,4

198,3

Teknologiløft

254,6

197,9

452,5

Totalt

475,5

315,3

790,8

Til toppen