Meir pengar til nye bustader og fleire utleigebustader
Pressemelding | Dato: 30.10.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa omfordeler delar av låneramma til Husbanken for å sikre at pengane blir brukte opp. Dei skal gå til prosjekt som bidreg til fleire miljøvenlege, tilgjengelege og gode bustader. Husbanken skal framleis ha pengar til søknader om startlån som kjem mot slutten av året.
Etterspurnaden etter lån frå Husbanken til bustadkvalitet har auka mykje i 2026. Samstundes har kommunane søkt om mindre startlån enn det som var lagt til grunn.
– Vi skal utnytte låneramma som Husbanken har til rådvelde, på ein effektiv måte. Når det no viser seg at kommunane har etterspurt noko mindre startlån enn venta, omfordeler vi pengane til prosjekt som bidreg til at det blir bygd fleire gode bustader, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Husbanken skal samstundes sørgje for at kvalifiserte søknader om startlån som kjem mot slutten av året, kan innvilgast.
Fleire utleigebustader for dei som treng det mest
Etterspurnaden etter lån til utleigebustader for vanskelegstilte har òg auka kraftig i 2026. Ved utgangen av oktober hadde Husbanken gitt tilsegn om lån på 1,2 milliardar kroner. Det er ein halv milliard meir enn i heile 2025.
– Behovet for fleire trygge og gode utleigebustader er stort. Derfor er det bra at fleire slike prosjekt no kan realiserast med støtte frå Husbanken. I Overhalla bidreg Husbanken til tolv nye utleigebustader for vanskelegstilte, i Halden til 46 bustader for mellom andre vanskelegstilte familiar, og i Lørenskog til 16 nye bustader som kommunen kan leige ut til dei som treng hjelp til å skaffe seg bustad, seier Skjæran.
Døme på prosjekt som har fått lån frå Husbanken
Husbanken har gitt 28,5 millionar kroner i lån til oppføring av tolv nye utleigebustader med sentral plassering på Skage i Overhalla kommune. Bustadene blir bygde og eigde av eit privat firma. Overhalla kommune, som har stort behov for utleigebustader til vanskelegstilte, har inngått avtale med utbyggjaren om fem av bustadene. Desse bustadene kan dermed leigast ut til leigetakarar som treng hjelp frå kommunen til å skaffe seg bustad.
Eit liknande døme er Halden kommune, der Husbanken har gitt 141 millionar kroner i lån til oppføring av 46 utleigebustader i prosjektet Englekor. Også desse bustadene blir bygde og eigde av eit privat firma. Halden kommune har stort behov for utleigebustader til vanskelegstilte familiar og har inngått ein tilvisingsavtale med utbyggjaren for 40 prosent av bustadene. Dei andre bustadene blir leigde ut på den ordinære marknaden.
I Lørenskog kommune har Husbanken gitt 57 millionar kroner i lån til oppføring av 16 utleigebustader i Skårerbyen. Bustadene er integrerte i eit større sameige. Lørenskog kommune har inngått ein tilvisingsavtale med utbyggjaren for alle bustadene. Dei kan dermed leigast ut til leigetakarar som treng hjelp frå kommunen til å skaffe seg bustad.
I 2026 er låneramma til Husbanken på 36 milliardar kroner, etter at ho blei auka med to milliardar kroner i det reviderte nasjonalbudsjettet. Det inneber ein auke på 17 milliardar kroner sidan denne regjeringa tok over. For 2027 foreslår regjeringa å vidareføre nivået frå det salderte budsjettet for 2026, med ei låneramme på 34 milliardar kroner.