– Musea og kulturbygga våre rundt om i landet er viktige berarar av kunnskap og fellesskap. Derfor foreslår vi auka driftstilskot og støtte til fire nye investeringsprosjekt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

18 millionar kroner vert sett av til meir i driftstilskot til ei rekke museum landet rundt.  Barndomsheimen til Henrik Ibsen i Skien, Anno på Domkirkeodden og Normoria i Kristiansund er nokre av dei som er foreslått å få størst auke.

85 millionar kroner er i tillegg foreslått til fire nye prosjekt over ordninga for Nasjonale kulturbygg; Handverkartunet ved Hardanger og Voss Museum, Lyngheisenteret ved Museumssenteret i Hordaland, Astruptunet ved Musea i Sogn og Fjordane og – med den største investeringa på 39,8 millionar - til Museene i Akershus og heimen til Roald Amundsen - Uranienborg på Svartskog i Akershus

– Museene i Akershus gjer eit viktig arbeid med forvalting og formidling av historia til Roald Amundsen. Då polfararen forsvann i 1928 etterlet han eit hus stappfullt av fortellingar om eit innhaldsrikt liv. No har eigedomen behov for omfattande oppgradering, seier Jaffery.

I tillegg foreslår regjeringa ein auka løyving til Jødisk museum på 7,2 millionar i Oslo for kjøp og attføring av synagogen i Calmeyers gate.

Museum:

Verksemd

Beløp (1 000 kroner)

Anno museum – drift av det regionale historiesenteret på Domkirkeodden

3 900

Hardanger og Voss museum – drift av publikumsbygget Kulturnaustet

1 000

Henie Onstad Kunstsenter – drift av verkstaden for sosialt mangfald

3 500

MiA – Museene i Akershus – drift av handverkstunet ved Follo museum

1 700

Musea i Sogn og Fjordane – drift av vernebygget over Holvikejekta

400

Museene Arven – drift av formidlingsarenaen Heim

1 200

Museumssenteret i Hordaland – drift av Lyngheisenteret

600

Nordmørsmusea – drift av Normoria

2 200

Telemark Museum – drift av Venstøp, barndomsheimen til Henrik Ibsen

1 000

Svalbard Museum – drift av eksternt magasin

500

Norsk Bergverksmuseum – forvaltning og formidling av Noregs myntverkssamling

1 000

Oslo museum – fagleg styrking

1 000

Sum

18 000

 

Kulturbygg-prosjekt:

Verksemd

Beløp (1 000 kroner)

MiA – Museene i Akershus – oppgradering av Uranienborg, heimen til Roald Amundsen

39 800

Hardanger og Voss museum – Handverkartunet

6 700

Jødisk museum i Oslo – kjøp og oppgradering av tidlegare synagoge (justert tilsegn, ikkje nytt prosjekt)

7 200

Museumssenteret i Hordaland – Lyngheisenteret Lygra

6 300

Musea i Sogn og Fjordane – Astruptunet

31 900

Sum

91 900

Dei nye prosjekta kjem i tillegg til dei 15 prosjekta som fekk tilsegn om tilskot frå tidlegare budsjett. Til saman utgjer posten Nasjonale kulturbygg i 2026 ei løyving på 511 millionar kroner, med tilhøyrande tilsegn på 545 millionar kroner til utbetaling i seinare budsjettår. Prosjekta er fordelte over heile landet.