Revidert nasjonalbudsjett

Meir vedlikehald av riksvegane våre

- I tråd med ny NTP ønsker regjeringa å ta betre vare på vegane våre. Gode og trygge vegar er viktig for beredskapen i landet, og for alle dei som er avhengig av vegane i kvardagen – både som arbeidsplass og transportåre. Derfor foreslår vi over 300 millionar kroner meir til vedlikehald av riksvegar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa fortset satsinga på vedlikehald og foreslår i samband med RNB 2025 å auke løyvinga med 306,9 millionar kroner. I 2025 vil det med forslaget bli løyvd 11,1 milliardar kroner til drift og vedlikehald, som er 730 millionar kroner meir enn løyvinga i 2024. Med desse pengane vil entreprenørar over heile landet kunne gjennomføre meir vedlikehald i år enn det som tidlegare var førespegla.      

– Denne satsinga er heilt i tråd med Hurdalsplattforma og NTP 2025–2036. Regjeringa har lagt opp til ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet i landet. Ein viktig grunnstein i denne planen er å stagge nytt forfall på riksvegane våre.

Vil prioritere Midt-Noreg og Nord-Noreg

Asfaltering i Midt-Noreg og Nord-Noreg vil særleg bli prioritert, då behovet er størst i desse regionane. Gjennomføringa av vedlikehaldstiltaka på vegane vil bidra både til betre trafikktryggleik og framkomme for trafikantane.  

Satsing på vedlikehald gir eit meir robust vegnett for beredskapen i landet. Dette vil òg gje reduserte kostnadar i framtida. Det blir mindre risiko for eskalerande forfall og skadeutvikling på infrastrukturen.

– Med denne satsinga viser regjeringa vilje til å velje det som er riktig. Vi må få meir for pengane. Det gjer vi ved å ta vare på vegane våre, og vi må prioritere trygt og ansvarleg gjennom ei uroleg tid, seier Nygård.