Møte om afrikansk svinepest

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) hadde i dag eit nytt møte med Mattilsynet og Veterinærinstituttet for å bli orientert om status for utbrottet av afrikansk svinepest hos villsvin i Sverige, og for å diskutere nye tiltak for å forebygga smitte til Noreg.

Auka utbreiing av villsvin i Noreg utgjer ein stor trussel med tanke på introduksjon av afrikansk svinepest til Noreg. Mattilsynet og Miljødirektoratet utarbeidde i 2019 ein Handlingsplan mot villsvin. Målet er at det skal vera minst mogleg villsvin i Noreg, spreidd over eit minst mogleg område.

– Eg har også hatt ein samtale med min svenske kollega, landsbygdminister Peter Kullgren, og me vurderer begge situasjonen som alvorleg. Med bakgrunn i utbrottet i Sverige, har eg bede Mattilsynet vurdera behovet for å styrkja enkelte tiltak i handlingsplanen, og eventuelt etablera fleire tiltak for å redusera risikoen for smitte til Noreg. Det vil også vera tiltak som er viktige for å få bukt med ein framtidig mogleg smitte i Noreg, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Afrikansk svinepest er ein av dei mest tapsbringande virussjukdommane hos svin. Viruset smitter ikkje til menneske. Norske styresmakter følgjer utviklinga nøye.