Mottok utgreiing om prioritering av folkehelsetiltak
Nyheit | Dato: 15.09.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Tysdag 16. september overleverte eit utval for prioritering av folkehelsetiltak sin rapport til helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre. Det var utvalsleiar Jan Oddvar Skisland som overleverte rapporten. Pressa var velkomen til å delta.
Invitasjon til overlevering av utgreiing om prioritering av folkehelsetiltak
Sjå sendinga her
Bakgrunn
- Klargjere verdigrunnlaget for avvegingar i folkehelsearbeidet: Klargjere korleis verdigrunnlaget skal brukast i vurderingar av folkehelsetiltak. Det blir mellom anna vist til omtale i folkehelsemeldinga.
- Klargjere kunnskapsgrunnlaget for prioritering: Foreslå ein standard for kva som kan reknast som tilstrekkeleg grunnlag for avgjersler, foreslå tiltak for å auke kunnskapsutviklinga om effekt av tiltak, og foreslå tiltak for at tilgjengeleg kunnskap blir teken i bruk.
- Behandle folkehelsetiltak einsarta på tvers av sektorar: Gjere ei analyse av dagens beslutningsprosessar, prioriteringar, vurderingar og barrierar for gjennomføring i ulike sektorar. Greie ut og foreslå tiltak som kan bidra til mest mogleg einsarta behandling.
Strøyming
Arrangementet kunne følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO) distribuerte publiseringspunkt til medium som ville sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no.
Presse som ønska å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider fann embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.