Historisk arkiv

Statsbudsjett 2019:

Museum og visuell kunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I statsbudsjettet for 2019 vert det gjort framlegg om eit samla tilskot på vel 1,8 milliardar kroner til museum og visuell kunst. Det er ein auke på om lag 235 millionar kroner frå 2018.

– Norske museum er viktige kulturarvsinstitusjonar som medverkar til læring og danning. Musea fungerer òg som brubyggjarar mellom ulike grupper i samfunnet og er felles arenaer for kultur- og historieformidling. Vi ønskjer å styrkje museumssektoren for å leggje til rette for vidare utvikling, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Hovuddelen av auken gjeld kostnader for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Nybygget på Vestbanen for Nasjonalmuseet skal etter planen stå ferdig for innflytting og prøvedrift i 2019. Bygget blir oppført innanfor husleigeordninga i staten. Det blir difor gjort framlegg om å auke tilskotet til museet med halvårseffekt for kostnadsdekkande husleige og auka kostnader til museumsdrifta i nybygget i 2019.

Museum Vest og Bergens Sjøfartsmuseum har gjort vedtak om konsolidering. Det blir gjort framlegg om å auke tilskotet til den nye konsoliderte eininga for å styrkje det museumsfaglege arbeidet. Det er eit vilkår at Gestapomuseet i Bergen òg vert ein del av den nye konsoliderte institusjonen.

Det blir vidare gjort framlegg om auka driftsstøtte til andre museum, som Preus museum, Valdresmusea, Baroniet Rosendal og Helgeland museum.

I framlegget ligg òg ein auke på til saman 5,4 millionar kroner til tiltak som skal styrkje arbeidet med mangfald, integrering og kamp mot fattigdom. Dette gjeld ulike tiltak i regi av Norsk Teknisk Museum, Østfoldmuseene, Stiklestad Nasjonale Kultursenter, Norsk Bergverksmuseum, Oslo Museum, Nord-Troms Museum og Bymuseet i Bergen.