Nansenpris går til innsats for utdanning i flyktningeleirar

I dag kunngjorde FN at Abdullahi Mire, ein tidlegare flyktning og journalist busett i Kenya, har vunne Nansenprisen 2023 for sin innsats på utdanning for born og unge på flukt.

– Min draum er at alle flyktningeborn skal få tilgong til bøker og utdanning, seier Mire. Han har sørga for at over 100 000 bøker har funne vegen til born og unge i skulealder i Kenya, og starta «Dadaab Book Drive» for å sikre meir lesestoff i flyktningeleirane.

Mire vart fødd i Somalia, måtte flykte over grensa og vaks opp i Dadaab-flyktningeleir i Kenya. Han vart gjenbusett til Noreg for ein periode, men valde å returnere til Kenya for å yte hjelp til flyktningesamfunnet han sjølv hadde vore del av. Tilbake i flyktningeleirane oppretta Mire «Refugee Youth Education Hub» og samla inn nok bøker til å opne tre bibliotek til stor glede for unge lesarar.

– Eg vil gratulere Mire med årets Nansenpris. Gjennom sitt engasjement og pågongsmot har han utvida og styrka læringsmoglegheitene for titusenvis av born og unge på flukt, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Den norsk-støtta prisen løftar fram innsatsen til personar og organisasjonar som kjempar for rettane og tilhøva for menneske som er drivne på flukt. På verdsbasis har meir enn 100 millionar menneske eit liv på flukt. Det gjer arbeidet til FNs høgkommissær for flyktningar viktigare enn nokon gong.

Å sikre utdanning i krise- og konflikt-situasjonar er ein viktig del av Noregs humanitære innsats. Born og unge som er drivne på flukt har rett til utdanning og skulegong. Noreg bidreg med betydelege midlar for å sikre utdanningstilbod for flyktningar og andre råka av krise og konflikt.

I tillegg til Mire, blir også fire regionale vinnarar tildelt prisen:

Asia: Abdullah Habib, Sahat Zia Hero, Salim Khan og Shahida Win er fire historiefortellarar som dokumenterer opplevingane til statslause Rohingya-flyktningar.

Amerika: Elizabeth Moreno Barco er ein menneskerettsforkjempar som tek til orde for lokalsamfunn råka av væpna konflikt i Colombia.

Europa: Lena Grochowska og Władysław Grochowski er eit polsk ektepar som nyttar eigne ressursar for å gjer husly og opplæring for flyktningar.

Midtausten og Nord-Afrika: Asia Al-Mashreqi er grunnleggjar og leiar av Sustainable Development Foundation, som har arbeidd for konfliktramma personar i Jemen.

Noreg var med på å etablere Nansenprisen i 1954. Prisen ber namnet sitt etter den fyrste høgkommissæren for flyktningar, Fridtjof Nansen. Med stønad frå Noreg og Sveits blir den årlege prestisjetunge humanitære heiderstittelen delt ut av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Statssekretær Andreas Kravik vil vera tilstades under årets prisutdeling 13. desember i Genève.