Totalt 24 940 foreiningar og lag får utbetalt 2,87 milliardar kronar i momskompensasjon. Det er 594 fleire organisasjonar enn i fjor. Det store talet på mottakarar viser at ordninga når heile breidda av dei frivillige organisasjonane.

–  Kvar einaste dag er frivilligheita med på å gje folk over heile landet ein betre kvardag med meir fellesskap, tryggleik og omsorg, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Utbetalinga blir gjort i to omgangar grunna sein behandling av nysalderinga av budsjettet i Stortinget. Den fyste utbelinga, på 2,63 milliardar kroner, skjer før jul, og resterande 240 millionar kroner blir utbetalt i januar.

Dette er dei største mottakarane i den fyste utbetalinga:

Mottakarar Sum
Norges Idrettsforbund: 936 605 927,-
Røde Kors: 107 394 113,-
Norges Musikkorps Forbund: 67 876 908,-
Flyktninghjelpen: 56 608 340,-
Kirkens bymisjon: 51 984 140,-
Kreftforeningen: 37 746 946,-
BCC-forbundet: 33 290 730,-
Norsk Jazzforum: 22 145 635,-
Norsk Luthersk Misjonssamband: 21 896 416,-
Norges Jeger- og fiskerforbund: 21 831 417,-
Norsk Luftambulanse: 21 623 146,-
Norges Korforbund: 21 136 859,-
Den Norske Turistforening: 21 111 065,-
Redd Barna: 20 303 461,-
Plan International Norge: 19 928 837,-
Det Frivillige Skyttervesen: 18 470 666,-
Norske Kvinners Sanitetsforening: 17 969 124,-
Normisjon: 17 723 081,-

Idretten sikrar at barn og unge over heile landet får delta på fritidsaktivitetar, og er den største mottakaren av momskompensasjon. Regjeringa prioriterer frie midlar til frivilligheit, idrett og kultur, slik at dei kan skape enda meir aktivitet framfor å bruke tid på byråkrati og rapportering.