– Det er bra at ungdomsprogrammet har kome så godt i gang. Nær 700 unge som av ulike grunnar ikkje har funne vegen inn i arbeidslivet, har no fått moglegheit til å kome i aktivitet gjennom programmet. Nav-kontora har gjort ein imponerande jobb med å etablere eit nytt tilbod på kort tid. Vi ser fram til å følgje resultata vidare og kva betydning programmet kan ha for unge sin veg inn i arbeid og utdanning, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Programmet gir økonomisk tryggleik mot aktivitet og skal hjelpe fleire unge inn i arbeid eller utdanning. Forsøket er etablert ved Nav-kontora i Arendal, Kristiansand, Sandefjord, Skien, Porsgrunn, Bergen Sør og Bergen Vest.

Skal gi fleire unge ein veg inn i arbeid

– I dag er det om lag 100 000 unge i Noreg som verken arbeider eller studerer. For mange kan vegen inn i arbeidslivet vere krevjande. Det er eit tap både for den enkelte og for samfunnet, som har behov for arbeidskraft, seier Stenseng.

Regjeringa starta ungdomsprogrammet hausten 2025 for å finne fleire og betre løysingar for unge som står utanfor arbeid og utdanning. Målet med forsøket er å undersøkje om eit individuelt tilpassa heiltidsprogram, med klare aktivitetskrav og alternativ inntektssikring utan medisinske inngangsvilkår, kan bidra til at fleire får ei varig tilknyting til arbeidslivet. Programmet skal òg førebyggje utanforskap og redusere behovet for helserelaterte ytingar.

  • Kristiansand: om lag 210
  • Arendal: om lag 90
  • Sandefjord: om lag 95
  • Skien: om lag 90
  • Porsgrunn: om lag 65
  • Bergen Sør: om lag 75
  • Bergen Vest: om lag 75

Deltakarane får eit individuelt tilpassa heiltidsprogram med tett oppfølging. Aktivitetane kan mellom anna bestå av jobbsøking, arbeidspraksis, opplæring og individuell oppfølging.

– Vi veit at arbeid og utdanning opnar dører og gir moglegheiter. Difor er det viktig at unge som treng ekstra støtte, får ein sjanse til å lukkast. Regjeringa er oppteken av at fleire unge kjem i arbeid, og ungdomsprogrammet er eit viktig tiltak for å førebyggje varig utanforskap, seier Stenseng.

Forsøket skal evaluerast, og innan fire år skal det takast stilling til om ordninga skal utvidast til fleire delar av landet.